Heim Nyhende Meir engasjerte i politikk

Meir engasjerte i politikk

Ungdom i kommunar som har hatt forsøk med stemmerett for 16-åringar har meir tru på at det nyttar å engasjere seg i politiske spørsmål enn ungdom i resten av landet.

Det kjem fram av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner sin Resultatrapport for 2012. Rapporten vart lagt fram på Barne- og ungdomstinget på Sundvollen på måndag, og her kjem det fram at ungdom frå forsøkskommunar med 16-årig stemmerett hevdar dei er meir interesserte i politikk, meir engasjerte i lokalpolitiske spørsmål, har meir tillit til politikarane og lokaldemokratiet og har større tru på at det er nokon vits å stemme enn ungdom som ikkje har hatt høve til å stemme då dei var 16.

– Stemmerett utfordrar ungdom til å setje seg inn i demokratiet og tenkje politisk om meiningane sine. Analysa vår viser at 16- og 17-åringane opplever at det å få stemme gjer dei meir politisk modne. Stemmerett er ikkje berre eit mål for politisk engasjement, men også eit verktøy for å skape politisk engasjement, seier leiar i LNU, Gunhild Grande Stærk i ei pressemelding.

Tal frå rapporten viser at viser også ungdom som fekk høve til å stemme er blitt meir positive til å innføre stemmerett for 16-åringar. I forsøkskommunane er 54 prosent av ungdommane for 16-årig stemmerett, medan 23 prosent er heilt uenig eller nokså uenig. Ser ein landet under eitt er berre 31 prosent for 16-årig stemmerett, medan 48 prosent er mot. Tala i rapporten er henta frå ei undersøking om skuleval gjort av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste og Utdanningsdirektoratet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...