Rådmann i Vennesla kommune, Svein Skisland, opnar no for at den språknøytrale kommunen skal bruke meir nynorsk.
– Vennesla er nøytral som språkkommune, men i praksis er det nesten berre bokmål som blir nytta. Det synest eg vi skal endre på, og difor oppmodar eg nå alle tilsette som vil og føler dei kan, om å nytte nynorsk ofte, seier rådmann Svein Skisland til Fædrelandsvennen.
Bakgrunnen er eit brev frå Vennesla dialekt – og mållag der leiaren Oddvar Moen skriv at han saknar nynorsk både i saksutgreiingar frå administrasjonen i kommunen og på kommunen si heimeside.
– Eg er einig i dette. Båe målformene bør nyttast i saksdokument og brev i og frå Vennesla kommune. Vi må sjølvsagt vere effektive. Difor vil eg ikkje pålegge nokon å skrive nynorsk. Eg vil heller ikkje innføre ei eigen nynorskkvote. Men eg vil oppmoda om meir nynorsk, og trur og vonar det vil hjelpe, seier rådmannen som også opnar for at han sjølv vil byrje å skrive nynorsk i nokre saker.