Heim Nyhende Pris til Rydland og Eikemo

Pris til Rydland og Eikemo

Asbjørn Rydland har fått Nynorsk barnelitteraturpris for den andre fantasyboka om Drakeguten, Eld i hjartet. Marit Eikemo har fått Nynorsk litteraturpris for boka Samtale ventar.

Prisane er på 30 000 kroner  kvar. Det er Noregs Mållag som står bak barnelitteraturprisen, medan dei har med seg Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som givarar av litteraturprisen.

Prisane vart delte ut på Noregs Mållag sitt landsmøte i Oslo som opna i dag. Landsmøtet held fram heile helga. Frå programmet kan ein blant anna nevne Øystein Vangsnes som skal snakke om fleirspråklege fordelar og språrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen som skal ta for seg mållova og kva som skal til for at staten skal følgje mållova. Sidemålsdebatten kjem til å vere sentral under landsmøtet, blant anna skal Hanna Lehti-Eklund ta for seg korleis ein kan lære av sidemålsopplæringa i Finland. Storvervar Oddny Miljeteig, som i stor grad bidrog til at Noregs Mållag fekk 2 028 nye medlemer i vinter, skal òg få ein velfortent takk under landsmøtehelga.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...