Heim Nyhende Syng Holiday på nynorsk

Syng Holiday på nynorsk

Annjo Greenall gav nyleg ut plata Eg vandrar langs kaiane, med Billie Holiday-songar omsett til nynorsk.

Greenall jobbar til dagleg med språk på NTNU, ho forskar på omsetjingar og underviser i omsetjingsteori og seier dette om kvifor ho valde å omsetje Billie Holiday sine tekstar i staden for å syngje på engelsk:

– Billie Holiday har eg likt som artist så lenge eg kan hugse. Ho har skrive, eller framført og sett sitt eige preg på, mange jazzstandardlåtar som eg alltid har ønska å synge. Men det er det jo så mange som har gjort, så korleis skulle eg finne min eigen innfallsvinkel til desse songane?

Fleire språkval

Ved å synge på engelsk ville ho føya seg inn i ein tradisjon av norske artistar som syng på engelsk. Og sjølv om vi forstår godt engelsk her til lands, så vil språket ofte liggje som eit slør mellom lyttaren og opplevinga av teksten, seier ho.

Svaret vart å setje om songane, til hennar eige språk og språket til publikummet som skal høyre på. Då stod ho att med tre val, forklarar ho: Bokmål, nynorsk eller hennar eiga dialekt, trøndersk.

Ved å bruke dialekta si ville ho avgrensa seg til eit litt for lokalt publikum, trur ho.

– Med bokmål vil du kanskje nå ut til eit breiare publikum, men med nynorsk vil du kanskje treffe eit meir språkinteressert publikum. Og dette kan vel seiast å ha vore eit av måla med denne utgjevinga.

Fascinerte lyttarar

– Når det gjeld det estetiske så er det nok mange som vil seie at nynorsk, til skilnad frå bokmål, er eit vakkert og poetisk språk, og eit godt songspråk. Sjølv om det kan vere vanskeleg å finne vitskapeleg belegg for at det reint objektivt er slik, så har denne oppfatninga sannsynlegvis nok kraft i seg til å få nynorsken til å framstå og opplevast slik. Dermed blir nynorsken, igjen, eit godt val, seier Greenall.

Plata Eg vandrar langs kaiane kom ut i byrjinga av mai, men Greenall har reist rundt og sunge desse songane det siste året. Mellom anna var ho på Dei nynorske festspela i fjor sommar. Ho opplever at både publikum og media er opptekne av den språklege dimensjonen rundt musikken. Det kan vere alt frå kvifor ho har vald å bruke det språket ho har til reint tekniske spørsmål knytt til omsetjingane. Lyttarane, publikum, ser ut til å vere fascinert over overgangen frå engelsk til norsk i låtane, meiner Greenall.

– Det blir akkurat som ei gardin som blir trekt frå, at alt plutseleg blir sjokkerande klårt, og at det er ein enorm skilnad å høyre songane på sitt eige språk, illustrerer ho.

Nett no er det platelansering og kommande kritikkar som gjeld, men Greenall har også tankar om kva ho vil gjere vidare som musikar. Ho har fleire omsetjingsprosjekt i tankane, mellom anna å omsetje favorittpoplåtar som er skrive på engelsk av norske artistar.

– Dessutan går eg også og småtenkjer på å omsetje nokre tradisjonelle, engelske barnesongar til norsk.


Annjo Klungervik Greenall (45), omsetjar og vokalist

Jobbar som professor i engelsk språk ved NTNU, institutt for moderne framand-språk

Aktuell med plata Eg vandrar langs kaiane, med songar av jazzartisten Billie Holiday omsette til nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...