Heim Nyhende Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

Det er litteraturkritikarane Guri Fjeldberg og Petra Helgesen som på vegner av Barnebokkritikk.no har gått gjennom programmet på Pegasus, barne- og ungdomsdelen av Nordens største litteraturfestival som går av stabelen på Lillehammer i månadsskiftet mai-juni, og dei har funne at det er særdeles lite nynorsk på programmet dette året. Deira oppteljing viser at i 48 postar er dei nynorske innslaga avgrensa til forfattarane Hans Sande og Magnhild Bruheim som skal vere på Barnebokbar, der dei delar tida med tre bokmålsfolk og ein danske. Magnhild Bruheim skal også vere med ungdommane på Bingo’n til programposten «Med blod på hendene». Dei reknar dette om til ein og ein tredel programpost på nynorsk, eller 2,7 prosent av heile programmet.

– Vi minner også om Uprisen, ungdommens eigen bokpris, som under festivalen blir delt ut for sjette gang. Tre av fem tidlegare vinnarar er på nynorsk, utan at det nokon gong har vore fleirtal av nynorsk-klassar i elevjuryen som stemmer den fram, skriv dei på Barnebokkritikk.no.

– Den nynorske barnelitteraturen er så dårlig representert at sjølv ein austlending som eg meiner det er pinsamt, seier Guri Fjeldberg til nettavisa Gd.no. Ho peikar også på at festivalen i fjor fekk 500 000 kroner i ekstra løyving som ein del av ein såkalla nynorskpakke framføre Språkåret 2013.

Festivalleiinga seier til Gd.no at kritikken frå Barnebokkritikk er berettiga, skjerpande og positiv. I forhold til løyvingane som er gitt frå nynorskpakken seier festivalsjef Marit Borkenhagen at det ikkje er sett særskilde føringar i knutepunktstøtta som går til heile festivalen. Borkenhagen og Pegasusansvarleg Randi Høiholt-Vågsnes peikar dessutan på at festivalen i år har skipa til eit nynorsk omsetjingsseminar saman med Samlaget og Norsk oversetterforening og at det er nokre fleire nynorskinnslag i Pegasus-programmet enn det Barnebokkritikk har funne.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...