Heim Nyhende – Ta vare på festivalane

– Ta vare på festivalane

Distriktssenteret meiner kommunane bør bli flinkare til å nytte seg av marknadsføringseffekten som festivalane gjev.

– Når ein festival blir kjend, blir også staden eller kommunen kjend. Mange festivalar bidreg indirekte til å profilere staden der festivalen går føre seg. Festivalen formidlar gjerne totalopplevinga av staden og reisa fram, til dømes via heimesider eller brosjyrar. I ein del tilfelle profilerer festivalen kommunen langt meir enn kommunen profilerer festivalen, slik Ekstremsportveko etter kvart er synonym med Voss, seier seniorrådgjevar Stein Magne Os i Distriktssenteret.

11 festivalkommunar er grunnlaget for kartlegginga, og mange av festivalane byggjer på lokale identitetsmerke, som fjellfriluftsliv i Rauma og rakfisk i Valdres.

 

Ein søknad inn, eitt svar ut 
– Me har utvikla eit godt samarbeid med kommunen, både med administrasjonen og politikarane, seier dagleg leiar i Ekstremsportveko, Margrethe Alm. Ho viser spesielt til prinsippet «ein søknad inn, eitt svar ut». Mange møter og mykje administrativt arbeid er bakgrunnen for at ein no samlar alle spørsmål som skal frå festivalen og til kommunen, i éin søknad. Så tek den kommunale koordinatoren Kurt Andreassen kontakt med dei ulike instansane i kommunen, før han innkallar festivalleiinga til eit møte der dei går gjennom alle punkta.

– Det er veldig tidssparande at me no kan samle alle spørsmål i éin søknad, det tener kommunen også på, seier Alm.

Ekstremsportveko er den største sport- og musikkfestivalen av sitt slag og blir arrangert kvart år på Voss. Her blir det arrangert konkurransar i kajakkpadling, rafting, MTB-BMX, kiting, fallskjermhopping, paragliding, hanggliding og klatring for å nemne noko. Veko har omlag 10 000 besøkjande, 1200 utøvarar frå 30 ulike nasjonar og om lag 400 frivillige i aksjon under festivalen. I år blir Veko arrangert for 15. gong.

– Slike jubileum er ofte kritiske for festivalar, men me har ikkje tenkt å gje oss, seier Margrethe Alm.

 

Tener godt på festivalen 
Alm meiner kommunen er flink til å marknadsføre festivalen, samstundes som marknadsføringseffekten andre vegen er stor.

– Eg vil seie Ekstremsportveko marknadsfører kommunen så det held, ikkje minst via dei daglege NRK-sendingane frå festivalen. Det er også eit stiftingsvedtak at ein skal bruke Veko til å marknadsføre ekstremsportplassen Voss og til å formidle at ein bør flytte til Voss dersom ein ynskjer ei aktiv fritid.

Det er vanskeleg å setje tal på kva festivalen har å seie for kommunen med om lag 14 000 innbyggarar. Koordinator for festivalen i kommunen, Kurt Andreassen, meiner likevel at gevinsten er stor, og at næringslivet tener godt på mykje aktivitet og mange gjester til bygda.

– Voss kommune brukar festivalen for det han er verd. Me kan sikkert bli flinkare til å bruke han aktivt, men me ser til dømes at unge folk legg vekt på Veko når dei søkjer jobb eller ynskjer å flytte hit, seier Andreassen.

– Festivalen gjev ein positiv gevinst i heile bygda, han har eit godt lokalt omdømme. Og det er viktig, slår Andreassen fast.

– Er det mange utfordringar for kommunen knytte til festivalen?

– Det bør det ikkje vere, i så fall bør det vere utfordringar kommunen bør ta med eit smil om munnen.

Kommunen brukar i fylgje Distriktssenteret sin rapport Ekstremsportveko til eigenreklame i brosjyrar og i eksterne samanhengar, der dei skryt av festivalen som ein viktig del av Voss sin identitet. Så langt LNK-avisa kan sjå, er derimot den kommunale nettsida så godt som fri for Veko-reklame.

 

Etterlyse klåre rammer 
Sjølv om Alm er veldig positiv til kommunen si rolle i festivalarrangementet, ser ho også nokre utfordringar.

– Det tok veldig lang tid før me fekk fast økonomisk støtte frå kommunen, 13 år før me var fast i budsjettet. Det er altfor lang tid, men no er me inne med 200 000 kroner årleg, og det er me nøgde med. Det er mange brikker som skal på plass.

– Kva bør kommunen gjere betre framover?

– Politikarane må gje oss klåre rammevilkår for festivalen og ikkje vingle i viktige saker. Me veit aldri kva politikarane vil med oss i framtida. Dei økonomiske rammene er ein ting, men også politiske vedtak kan spela inn. Til dømes gjeld dette om vernet av Raundalselva vert fjerna og om det vert lagt restriksjonar på flyging i samband med fallskjermhopping. Voss har ein reiselivsplan der målet er å bli best i Nord-Europa innan natur og kulturressursar innan 2017. Skal ein klare det, må politikarane våge å ta eit val og gje oss tydelege rammer.

Margrethe Alm trekkjer også fram paraplyorganisasjonen Festival Voss som ein viktig aktør. Organisasjonen omfattar dei fire store arrangementa på Voss; Ekstremsportveko, Vossajazz, Osafestivalen og Voss cup. Organisasjonen har som mål å styrkje samarbeidet på tvers av festivalane i kommunen, mellom anna ved å utveksle erfaringar, utvikle kompetanse, koordinere aktivitetar og samordne dialogen med kommunen.

 

Viktig med kommunikasjon 
– Dei fleste kommunar kan bli flinkare til å vise seg fram og marknadsføre kommunen eller tettstaden sine kvalitetar for dei mange tilreisande som kjem på besøk. Mange av dei er gjerne utflytta bygdefolk eller potensielle tilflyttarar. Festivaldagane er ein framifrå arena for å vise fram kva staden har å by på, seier Stein Magne Os ved Distriktssenteret. Han meiner kommunen bør dra nytte av den positive merksemda og omdømet som festivalen gjev, og som ein aktivt kan bruke i brosjyrar, pressemeldingar, nettstader og sosiale medium.

– Kva kan ein festival «leggje att» i kommunen?

– Rapporten fokuserer mest på kommunen si rolle. Men det kartlegginga viser, er at festivalen bidreg med aktivitet, merksemd og sosial verdiskaping i bygda. Innbyggjarane blir ofte stolte over å høyre til ein stad der det skjer slik positivt lada aktivitet.

– Kva er rådet til kommunar som ynskjer å utnytte festivalane betre?

– Samarbeid og kommunikasjon er nøkkelorda for å utnytte festivalane betre. Kommunen må møte festivalleiinga og diskutere kva det er som festivalane gjer som kommunen kan dra nytte av. Kommunen kan ikkje vente at festivalane skal gjere arbeidet for dei, til det er festivalane for opptekne med sitt. Men kommunen kan få tips om kva arenaer det er best å vere tilstades på, og kva tiltak som kan fungere i høve målgruppa for festivalen, meiner Os.

 

Felles visjon
Stein Magne Os trekkjer fram Norsk Fjellfestival i Rauma kommune som eit godt døme på korleis kommunen kan gjere festivalen meir kjend.

– Den beste slagkrafta, både for kommunen og festivalen, får ein når kommunen og festivalen samarbeider, til dømes som i Rauma, der Norsk Fjellfestival vert arrangert. Der har kommunen og festivalen eit tett samarbeid og eit felles verdigrunnlag. Rauma kommune har slagordet «Verdas beste kommune for naturglade menneske», og det er akkurat dei same verdiane festivalen representerer og jobbar for. På denne måten styrkjer festivalen og kommunen sitt felles omdømme.

Det er dagleg leiar i Norsk Fjellfestival, Solrun Sylte, samd i.

– Norsk Fjellfestival er i ein spesiell situasjon fordi Rauma kommune har bygd visjonsarbeidet på festivalen si historie og arbeid. Dette gjer at det er naturleg for kommunen å marknadsføre seg ved hjelp av fjellfestivalen i mange samanhengar, men òg for festivalen å promotere Rauma kommune som nettopp den beste kommunen i verda for naturglade menneske, seier ho. Mellom anna bytte kommunen i 2011 ut alle turistflagga med festivalflagg under festivalen.

Dette var eit enkelt tiltak som viste kommunen sitt engasjement og eigarskap, meiner Sylte.

Norsk Fjellfestival i Romsdal blir i 2012 arrangert for 14. gang. Festivalen er i dag det største og viktigaste enkeltarrangementet i Noreg for menneske som er glade i fjell og friluftsliv. Festivalen har fast samarbeid med Den Norske Turistforening (DNT), som mellom anna har lagt ungdomsleiren sin, Basecamp, til fjellfestivalen. Årets fjellgeit blir delt ut i samarbeid med DNT, ein pris mellom andre Vegard Ulvang, Børge Brende, Cecilie Skog og Dronning Sonja tidlegare har fått.

 

Vil ha festivalkontakt
Også Sylte legg vekt på praktiske utfordringar knytte til sjølve arrangeringa av festivalen.

– Kommunen bør leggje til rette for festivalen sine aktivitetar. I dette bør det liggje at det skal vere enkelt og lite ressurskrevjande å få løyve til å frakte ting med til dømes ATV og traktor. Det bør også vere ein enkel prosess å få stengt av gater og anna som er naudsynt for gjennomføringa, seier ho. Ho finn det vidare naturleg at kommunen støttar festivalen økonomisk, noko dei gjer.

– Kva kunne kommunen gjort betre?

– Det hadde vore ynskjeleg at kommunen hadde ein fast person me kunne ta kontakt med, særleg i veka før og under sjølve festivalen, rett og slett ein festivalkontakt. Elles skulle me gjerne ha sett at kommunen sjølv var flinkare til å ta initiativ, det blir lett til at alle forslag eller idear kjem frå festivalen. Me skulle også ynskje at kommunen hjelpte oss meir med å hente økonomiske midlar frå det offentlege, som frå fylkeskommunen og departementet.

 

– Me kan alltid bli betre
Også i Rauma har dei eit festivalsamarbeidsprosjekt, Nordveggen, som blei oppretta i 2007. Det er utviklingsselskapet Nordveggen som driv samarbeidet som skal styrkje Norsk Fjellfestival og Raumarock, og både fylkeskommunen og kommunen gjev tilskot til samarbeidet.

– Nordveggen si oppgåve er å lage møteplassar der festivalane får kontakt med kommune, næringsliv og andre, slik at dei kan utvikle seg, seier Solveig Brøste Sletta i Nordveggen.

Ho meiner fjellfestivalen styrkjer kommunen på mange vis, mellom anna ved å byggje identitet, og at han er med på å gje innhald til kommunen sine visjonar.

– Dette er i tillegg eit dugnadsprosjekt som mange ungdommar ønskjer å arbeide for, samstundes som festivalen trekkjer til seg mange kjendisar og dermed marknadsfører kommunen, meiner Sletta.

Kultursjef i Rauma kommune, Harald Krøvel, meiner kommunen prøver så godt ein kan, å marknadsføre festivalen og bruke festivalen aktivt i kommunal omdømmebygging.

– Men me kan sjølvsagt alltid bli betre. Dette er ein festival som ligg midt i det feltet me ynskjer han skal vere, og me prøver å bruke festivalen så godt me kan i til dømes rekrutteringstiltak og busetjingstiltak, seier Krøvel. Han legg til at ein ikkje har rekna på kva festivalen legg att av verdiar i kommunen, men at ein truleg burde ha gjort dette.

Rauma kommune støttar Norsk Fjellfestival med omlag 75 000 kroner, via samarbeidsprosjektet som Nordveggen administrerer.

– Det er ein symbolsk sum, i tillegg kjem praktisk hjelp og tilrettelegging.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...