Heim Nyhende Utlyser nynorsk-jobb

Utlyser nynorsk-jobb

IMDi vedgår at dei har for lite materiell på nynorsk.

– Me er bevisste på at me har for lite nynorsk både på nettsidene våre og i informasjonsarbeidet, seier kommunikasjonssjef Bjørg Karin Bjåland Buttedahl, og viser til at IMDi no vil utlyse ein rammeavtale for å få omsett materiell til nynorsk.

Les også: For lite nynorsk i IMDi

Det er Ørsta opplæringssenter som har sett søkjelyset på det dei meiner er mangel på nynorsk informasjonsmateriell hjå IMDi.

– IMDi har mykje informasjonsmateriell som dei ynskjer skal kome nye innbyggjarar til gode; eigne og eksterne publikasjonar, samt innhaldet på IMDi si heimeside generelt. Samanlikna med bokmålskommunar vert vi lite assistert av dykkar arbeid. Spanande og relevante lenker og eigenprodusert informasjonsmateriell kan ikkje nyttast i vår undervisning utan at det krevst vesentleg innsats til dømes gjennomomsetjing, skriv dei i eit brev til IMDi og viser til at det også er krevjande for deltakarane å finne fram på eiga hand når alt er på bokmål.

Buttedahl legg vekt på at IMDi ikkje leverer undervisningsmateriell som er tenkt direkte til flykningane, men derimot informasjonsmateriell retta mot kommunane.

– Undervisningsmateriellet er det VOX som har ansvaret for, ikkje IMDi.

Kommunikasjonssjefen er likevel bevisst på at IMDi skal ha 25 prosent nynorsk, både i brev, på nettsidene og i resten av informasjonsmateriellet.

– Me håpar å få ein god leverandør no som kan gi oss det me treng av nynorsk materiell. Det er mykje enklare når ein har tilsette som kan omsetje frå bokmål til nynorsk, men det har me ikkje no, seier Bjørg Karin Bjåland Buttedahl .

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...