Heim Nyhende Feirar lyrikaren Bruheim

Feirar lyrikaren Bruheim

I 2014 er det hundre år sidan Jan-Magnus Bruheim vart fødd. – Det skal markerast.

– Jan-Magnus Bruheim er ein meir omtykt lyrikar i folkedjupet enn mange trur i dag. Med denne markeringa ønskjer vi å få han fram att i medvitet til folk, hjå dei som kjenner han frå før, men òg hjå dei som ikkje har noko forhold til han, seier Magni Øvrebotten. Ho sit i ei arbeidsgruppe oppnemnd av kommunestyret i Skjåk, som har til oppgåve å finne høvelege måtar å markere 100-årsdagen på. Nett no er arbeidsgruppa i ein fase kor ideane får myldre, samstundes som ein ser seg om etter finansiering. Noko har dei likevel landa på, og det er i alle fall klart at tekstane til Bruheim må hentast fram i dagslyset att.

Nye dikt og tonar

– Vi jobbar med å få til ei ny dikt i utval-utgjeving. Vi tar utgangspunkt i den samlinga som kom ut medan han levde, men tenkjer oss å ta ut ein del dikt og setje inn nye som ikkje er publiserte før. Han arbeidde med ei diktsamling som han ikkje fekk gjort ferdig før han døydde, forklarar Øvrebotten.

Det finst også eit etterlate barnebokmanus som ein vil få illustrert og gjeve ut i bokform. Vidare ser gruppa for seg å gje ut ei artikkelsamling som skal setje lys på Bruheim og forfattarskapen hans. Øvrebotten skal sjølv vere redaktør for artikkelsamlinga.

– Vi håpar også å få tonesett nokre av dikta hans. Vi har vore i kontakt med musikaren Sigrid Moldestad, og ho er interessert i å lage ein CD med Bruheim-tekstar. Men alt dette skal finansierast, så det vil ta ei tid før vi kan seie sikkert kva vi får til, seier Øvrebotten.

Lengten

Bruheim-jubileet vil sjølvsagt bli markert i Skjåk, men det er òg snakk om arrangement ved Det Norske Teatret i Oslo og i Botnane i Bremanger, der Bruheim levde i sju år og hadde ein svært produktiv fase i livet.

– Han hadde lenge lengta til havet, og i Botnane fekk han det rett i fjeset, seier Øvrebotten, som sjølv er frå denne bygda og var den som ordna med at Jan-Magnus Bruheim fekk bu i skulehuset der.

– Heime snakkar dei framleis med glede om dei åra dei hadde «Bruheimen» som bygdemann. Han var respektert og velsedd, og eg trur det medverka til at han skreiv mykje dei åra, seier Øvrebotten.

Lag med dei små

Jan-Magnus Bruheim var ein viktig lyrikar i etterkrigstida, og Øvrebotten meiner han har fått ufortent liten plass i litteraturhistoria. Han var ein stillfarande mann og blir ofte sedd på som ein vemodsdiktar. Men han var så mykje meir, og det må vi få fram, seier Øvrebotten. Bruheim reiste mykje og stod godt planta i folkeopplysningstradisjonen.

– Jan-Magnus var både drøymar og realist, freds- og naturaktiv. Han hadde eit uvanleg godt lag med ungar og skreiv mykje for dei. Barnedikta hans har ofte doble botnar, dei er både for ungar og vaksne, seier Magni Øvrebotten. Barneboka Den kvite hjorten, som kom sist på 1970-talet, handlar om mobbing. Det var før mobbing var sett skikkeleg på dagsorden, og for nokre år sidan gjorde gruppa Tindra og skodespelaren Helge Jordal suksess med eit teaterstykke bygt på den boka.

Mange prisar

Jan-Magnus Bruheim debuterte med diktsamlinga Stengt dør i 1941 og gav ut totalt 20 diktsamlingar, 2 høyrespel og 19 bøker, 12 av dei for barn. Bruheim fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur heile sju gonger, og i tillegg biletbokprisen éin gong. Bruheim fekk også Nynorsk barnelitteraturpris to gonger, aleine i 1969 og saman med Albert Olafsson i 1972.

Jan-Magnus Bruheim vart fødd i Skjåk i 1914 og var store delar av sitt vaksne liv knytt til skuleverket, både som lærar/føredragshaldar og som forfattar. I perioden 1978 til 1985 budde han i Botnane i Bremanger kommune, men vende så tilbake til Skjåk i 1985. Bruheim døydde i 1988, 74 år gammal.


 

Bruheim 100 år:

Markering av 100-årsdagen til lyrikar Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk

Skjåk kommune har sett ned ei arbeidsgruppe som no planlegg ulike tiltak og arrangement

Arbeidsgruppa er:

Ordførar Rolv Kristen Øygard, leiar

Magnhild Bruheim, nestleiar

Torgeir Ødegård

Else Hyrve

Magni Øvrebotten

Susanne Brenna, sekretær

 

Førre artikkelRekordstor grunneigar
Neste artikkelUtlyser nynorsk-jobb

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...