Heim Nyhende Rekordstor grunneigar

Rekordstor grunneigar

Skjåk Almenning er Noregs største private grunneigar. Allmenningen eig 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. Det gjer ikkje forvaltinga enklare at 79 prosent av arealet også er verna.

Den store eigedomen på to millionar dekar kom i bygdefolket sitt eige i 1798. Nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen og naturreservatet Honnsrøve ligg dels inne i allmenningen. Det gjer at det er grenser for kor mykje verksemd som kan drivast i allmenningen, men allmenningsstyrar Jo Trygve Lyngved fortel om ei allsidig verksemd, med ringverknader for heile bygda.

– Sjølve allmenningen omsette for 14 millionar kroner i 2011. Skjåk Almenning eig i tillegg sagbruket Skjåk Trelast, som omsette for 13,5 millionar, seier Lyngved.

Allsidig verksemd

Inntektene kjem mellom anna frå skogbruk, festeinntekter både frå hytte- og industritomter, hytteutleige og sal av jakt- og fiskekort.

– Skjåk Almenning tek ut 9500 kubikk med skog i året. Vi har bygslingsleige frå snautt 500 hytter, inklusiv buer på fjellet. Det er også råd å leige slike fjellbuer i samband med jakt og fiske. Fleire av buene ligg idyllisk til ved fiskevatn og er utstyrte med båt og garn, fortel Jo Trygve Lyngved.

– No for tida driv vi og utviklar Billingen hyttegrend, eit fint og solrikt felt med 33 tomter. Det spesielle hjå oss er at sal av tomter er uaktuelt. Bygdeallmenningen har ikkje høve til å avhende eigedom, seier han.

Skjåk Almenning rår over eit stort villreinområde, der det årleg vert felt om lag 400 dyr. Jaktområda omfattar også 50–55 løyve for felling av elg og hjort, pluss jakt på småvilt.

– Vi er seks tilsette i administrasjon og skogsarbeid/-tilsyn i Skjåk Almenning. Du kan trygt seie at vi har varierte arbeidsoppgåver, slår Lyngved fast.

To grupper med bønder

Den svære eigedomen som bygdeallmenningen i dag rår over, var tidlegare Kongen i København sin. Men kongen trengte pengar, og eigedomen skifta eigar fleire gonger til bygdefolket sjølve kom på bana ein dag for 214 år sidan.

– Bøndene i Skjåk slo seg saman og kjøpte eigedomen tilbake på ein auksjon i Ringebu. Eigardelane vart fordelte etter gardsskulda rekna i hud og skinn. Slik er det framleis, både når ein reknar eigardelar og fordeler utbytet. I tillegg til dei bøndene som har eigarrettar, er det også bønder som har bruksrettar som støls-, beite-, jakt- og fiskerettar og i tillegg ein virkesrett i skogen, men ingen eigarrett eller krav om økonomisk utbyte, fortel allmenningsstyrar Jo Trygve Lyngved.

Opp gjennom åra har det vore nokre rundar med konfrontasjonar mellom dei to gruppene som rår over allmenningen, men Lyngved meiner at i dag er linjene klare og konfliktnivået lågt.

– Det er eit allmektig styre som har kontrollen saman med oss i administrasjonen, og det er viktig at allmenningen blir styrd godt. Ringverknadane for bygda er store. Allmenningen og verksemdene genererer inntekter, men ser også til at alle med bruksrettar til dømes får rabatt på trevirke om dei skal byggje ein driftsbygning, seier han.

Heller lokalt

Dei store verneområda legg til dels band på kva grunneigaren kan skape av verksemd. Tilrettelegging for turisme i fjellområda er eit døme på kva som er vanskeleg å få til.

– Det er overnatting og servering som skapar inntekter, men det er ikkje råd å byggje opp slik turisme i verneområda. Skjåk kommune og Østlandsforskning har sett i gang eit forskingsprosjekt der me ser nærare på forholdet mellom vern og reiseliv og turisme, seier Tor Taraldsrud, som har ansvar for natur- og miljøsaker i Skjåk kommune.

Dei to nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen har ulik forvaltingspraksis. Reinheimen har lokal forvalting – delegert ned til kommunane. Breheimen har eit eige styre der kommunane er representerte. Uansett regime skal det meste gjennom nålaugo hjå fylkesmann og direktorat før det er endeleg vedteke.

Jo Trygve Lyngved hadde gjerne sett at det meste av avgjerder vart tekne på lokalt nivå.

– Skjåk Almenning har kontor saman med dei lokale forvaltarane og oppsynsmennene. Det skapar eit godt fagmiljø. Men altfor mykje vert avgjort på eit høgare nivå. Føremona er at det blir lik praksis over kommune- og fylkesgrenser. Ulempa er at avgjerdene stundom er uforståelege for dei som vert råka. I vinter har til dømes stormen Dagmar øydelagd 40 000–50 000 kubikk skog. Grunneigaren vil hente ut det som ikkje er innanfor verneområdet. Fylkesmannen seier nei. Det er vanskeleg for folk å skjøne, seier han.

– Det er eit paradoks at bygdeallmenningen har forvalta desse områda så godt gjennom 200 år at det må løftast ut av hendene deira. Det hadde ikkje vore nokon nasjonalpark utan den gode forvaltinga Skjåk Almenning har stått for, meiner Jo Trygve Lyngved.

 

Førre artikkelBrenn for blogg
Neste artikkelFeirar lyrikaren Bruheim

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...