Heim Nyhende Kvar fjerde kommune utan kriseplan ved straumbrot

Kvar fjerde kommune utan kriseplan ved straumbrot

Kvar fjerde kommune manglar beredskapsplan for straumbrot, ifølgje ein rapport frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Rapporten teiknar eit dystert bilete av situasjonen dersom naturkatastrofar, ulykker eller terror skulle sette straumnettet ut av drift i delar av landet, skriv Aftenposten.

Halvparten av kommunane har sikra seg at bebuarane på sjukeheimar får lys og varme ved langvarig straumbrot vinterstid. To av fem kommunar har naudaggregat til eigne kriselokale der kommuneleiinga skal handtere krisa. Halvparten av bebuarane i omsorgsbustader er sikra med naudaggregat.

Fylkesmennene skal no kontrollere at kommunane oppfyller pliktene sine når det gjeld sikring av innbyggjarane i ein krisesituasjon.

– Det vil kunne få alvorlege konsekvensar dersom straumen blir borte i fleire dagar i mange kommunar. Dette er det viktigaste å følgje opp. Det er ei kommunal oppgåve og eit lovpålagt krav å vere førebudd, seier avdelingsdirektør Per Brekke i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. (NPK)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...