Heim Nyhende Nynorskprisar til journalistar

Nynorskprisar til journalistar

Firda-journalist Katrine Sele og kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende får begge Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for i år.

Prisen skal delast ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 29. juni.

Katrine Sele er opphavleg bokmålsmenneske, men har som allsidig nyheits- og kulturjournalist i lokalavisa Firda i Sogn og Fjordane vorte «eit godt døme på at bokmålsfolk kan bli gode nynorskbrukarar – om dei vil, kan og må», skriv juryen om den første prisvinnaren.

– Språket hennar er enkelt og godt å lese, ho arbeider med det og har utvikla sin eigen tydelege «signatur». Det er lett å kjenne att det Katrine Sele har skrive, meiner juryen, som har vore leidd av NRK-journalist Gry Molvær.

Sosiale media
For Hilde Sandviks del trekkjer juryen mellom anna fram korleis ho har skapt eit rom for kommentarstoffet sitt i dei sosiale media, og dermed også eit rom for nynorsken.

– Hilde Sandvik er ein uredd debattant, som går til åtak utan nåde når det trengst, og som gjer klart og tydeleg greie for argumenta sine. Ho bruker gjerne personlege anekdotar for å belyse viktige saker og skriv ofte nære og gripande kommentarar som er til inspirasjon for samkjensla i oss, meiner juryen om henne.

Med seg i juryen har Gry Molvær hatt Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad, og Olaug Nilssen, forfattar. Magni Øvrebotten, som er leiar for NRK Nynorsk mediesenter, er sekretær for juryen.

Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Kulturdepartementet oppretta nynorskprisen for journalistar i 2004. Blant dei tidlegare vinnarane er Linda Eide, Astrid Brekken og Njord. V. Svendsen, som fekk prisen i fjor. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...