Heim Nyhende Arnstad og Slagsvold Vedum inn i regjeringa

Arnstad og Slagsvold Vedum inn i regjeringa

Senterpartiet set nye krefter inn i regjeringa. Marit Arnstad blir ny samferdsleminister medan Trygve Slagsvold Vedum tar over landbruk – og matdepartementet. 

Tidlegare samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og tidlegare landbruks – og matminister Lars Peder Brekk går begge attende til Stortinget.

– Med Slagsvold Vedum og Arnstad i regjering får me ny kraft og nye idear inn i departementa. Meltveit Kleppa og Brekk vil samstundes styrke arbeidet i Stortinget. Med denne totalpakken får me gjennomført endå meir senterpartipolitikk i det viktige året som gjenstår før valet, seier partileiar Liv Signe Narvarsete i ei pressemelding.

Marit Arnstad er tidlegare stortingsrepresentant, parlamentarisk leiar og olje – og energiminister. Dei siste åra har ho jobba som advokat.

– Samferdsel er eit område som berører mange menneske, og eg ser fram til å arbeide med dette viktige feltet som samferdsleminister. Det handlar i bunn og grunn om å ta Noreg i bruk, sørge for at folk kjem seg på arbeid og at næringslivet får frakta varene sine til marknaden, seier ho.

Trygve Slagsvold Vedum er til i dag parlamentarisk leiar, nestleiar i Sp, leiar av programkomiteen og sit på Stortinget. No blir han landbruks – og matminister.

– Norsk landbruk er ei av Noreg sine viktigaste næringar. Bøndene produserer maten vår, skapar verdiar og arbeidsplassar i alle deler av landet. Min viktigaste jobb blir å bidra til at me aukar norsk matproduksjon. Me skal ha meir norsk mat på norske bord, seier Slagsvold Vedum.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...