Heim Nyhende Nei til nynorsk i Sola

Nei til nynorsk i Sola

Sola skole blir bokmålsskule frå hausten av.

Trass i at folkerøystinga i mai gav fleirtal for å halde fram med nynorsk som hovudmål på Sola skole, stemte eit fleirtal av politikarane for å endre målform til bokmål då kommunestyret handsama saka sist torsdag.

26 stemte for bokmål, slik instillinga i saka var, medan 15 stemte for å halde på nynorsk som hovudmålform ved rogalandsskulen.

Rogaland Mållag seier til Stavanger Aftenblad at det er skuffande at dei folkevalde stemte imot folket.

– Mållaget synest det er spesielt at dei bruker økonomi som einaste argument i ei tid der signala frå sentralt hald, er at det skal leggast til rette for to målformer. Det er rått av kommunen å gjere dette, sier leiar Else Berit Hattaland.

Les også: Vil endre målform ved Sola skole

Ordførar Ole Ueland (H) seier til avisa at det blir for dyrt for kommunen å halde på nynorsk som hovudmålform ved skulen når så få foreldre vel det som i dag.

– I første klasse var det berre to elevar som ønska nynorsk, og då blir dette veldig ressurskrevjande, seier ordføraren som sjølv stemte for å innføre bokmål som hovudmål frå hausten 2012.

Ifølgje saksutgreiinga frå Sola kommune vil ein spare 800 000 kroner året ved å endre målform på skulen.

Les heile saka på Aftenbladet.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...