Heim Nyhende Nynorsk på mjølkekartongen

Nynorsk på mjølkekartongen

No i juni kjem det nye bondeportrett på mjølkekartongane på Vestlandet – og no blir dei på nynorsk.

Kartongane for lettmjølk, ekstra lett og skumma mjølk skal prydast med bønder frå Fjaler, Hardanger og Stryn. Eit bruk frå Stryn vil dessutan visast på heilmjølkkartongane, men denne teksten vil vere på bokmål. Desse profilane vil vere på kartongane fram til november, skriv Tine i ei pressemelding.

Nynorsk på mjølkekartongane har vore ei sak Noregs Mållag har kjempa for i mange år. I vår tok dessutan elevrådsleiar Morten Habbestad ved Stord vidaregåande skule affære og spurde i brevs form kvifor Tine bruker ”melk” når bøndene som blir presenterte på kartongane på Vestlandet er frå nynorskområde. Han fekk svar frå kommunikasjonssjef Olav Håland i Tine Sør og Tine Vest som lova at no skulle tre av fire søtmjølktypar få nynorsk tekst frå juni.

– Dette er ei gladmelding for alle mjølkedrikkarar på Vestlandet. Språk er viktig for lokal identitet. Det er bra at Tine no vil bruke nynorsk på kartongane, slik bøndene og forbrukarane har bede om, svara ein fornøgd mållaggsleiar Håvard B. Øvregård.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...