Heim Nyhende Kvinnedominans på Nynorske litteraturdagar

Kvinnedominans på Nynorske litteraturdagar

Kvinnene dominerer programmet til Nynorske litteraturdagar i Aurland. 

Programmet for Nynorske litteraturdagar 2012 er under utforming, men allereie no er fleire forfattarar klare.

Agnes Ravatn deltek på festivalen for første gong, og har fått æra av å opne litteraturdagane på fredagen.  I tillegg kjem blant andre Linda Eide, Olaug Nilssen og Brit Bildøen. Medan Nilssen deltek på litteraturdagane for første gong og med ei heilt ny bok, jubilerer Bildøen med 20 år som forfattar. På forfattarlista til festivalen står også barne – og ungdomsforfattar Lars Mæhle.

Litteraturdagane byr også på musikalske opplevingar. Opningskvelden vert det poesikonsert med skodespelaren Arnhild Litleré i hovudrolla. Ho har hatt fleire sentrale teaterrollar, m.a. på Den Nationale Scene i Bergen, Det Norske Teater i Oslo og NRK. Konserten baserer seg på dikt av Jon Fosse og Olav H. Hauge. Eit anna musikalsk høgdepunkt vert konsert med Tønes, eller Frank Tønnesen som visesongaren frå Sokndal heiter.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...