Heim Nyhende 10 år med Målrock

10 år med Målrock

Festivalen som har som føremål å fremje rock og pop på eige språk går av stabelen for 10. gong. 

 – Vi satsar i hovudsak på musikk på eige språk og dialekt, helst innafor pop/rock-sjangrane. Målet er å fremje det å framføre musikk på eige mål, fortel informasjonsansvarleg Katrine C. Fredheim til LNK.no.

Festivalen finn stad på Årdalstangen ved Sognefjorden, og dette året lokkar dei med mellom andre Lars Vaular, Madcom og Kaizers. Men også namn som har ei noko lengre fartstid er å finne på plakaten, her finst mellom andre Raga Rockers og Bjørn Eidsvåg.

Den første Målrock-festivalen fann stad i 2003, då med Tungtvann, Gåte og Hellbiliies som nokre av hovudattraksjonane. Festivalen har hatt omlag 2 500 besøkande årleg.

Som så mange andre festivalar er også Målrock tufta på ei dugande dugnadsvilje. Heile apparatet rundt brukar fritida si på å skipe til festivalen.
– Vi jobbar også tett med lokale lag og organisasjonar som jobbar dugnad og tenar pengar på det til drifta si, seier Fredheim.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...