Heim Nyhende Lånebøker til sals

Lånebøker til sals

Bergen Offentlige Bibliotek vil i haust byrje å selje bøker som ingen vil låne. Det har biblioteket i Stavanger gjort lenge.

– Frå oktober kjem vi til å selje bøker som vi ikkje får lånt ut, seier Leikny Haga Indergaard, biblioteksjef ved Bergen Offentlige Bibliotek til Bergens Tidende.

Biblioteket rommar meir enn 700.000 einingar av musikk, film og haugar med bøker. Men samtidig som nokre bøker har lange ventelister og slitne permar, står andre urørte igjen i hylla. Biblioteksjefen seier at det er dei fint brukte bøkene som skal leggjast ut for sal.

Tidlegare har biblioteket kassert alt som går ut av samlinga, med unntak av at nokre bøker er blitt gitt til Frelsesarmeen.

– Heia Bergen! Dette må dei berre halde fram med, seier Linn Tønnesen, litteraturformidlar ved Sølvberget Bibliotek i Stavanger om boksalet i Bergen.

På biblioteket i oljehovudstaden sel dei bøker heile året, i tillegg til den store bokbasaren dei arrangerer kvar haust. Årleg får biblioteket inn rundt 10.000 kroner, pengar som dei siste åra er blitt donerte til eit veldedig formål.

I Bergen skal pengane biblioteket tener på boksalet brukast til å kjøpe inn nye, aktuelle bøker. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...