Heim Nyhende Forlenger samarbeidet

Forlenger samarbeidet

I dag har LNK inngått nye samarbeidsavtalar med både KLP og Kommunalbanken.

Tor Ole Steinsland
Tor Ole Steinsland er kommunikasjonsdirektør i Kommunalbanken. (Foto: Kommunalbanken)
– Me ønskjer å halde på samarbeidet med LNK avdi organisasjonen gjer ein god og viktig jobb, seier Tor Ole Steinsland, kommunikasjonsdirektør i Kommunalbanken til LNK.no.

– Gjennom dette samarbeidet treff me òg mange kommunar og fylkeskommunar som er med i LNK og som er ei særs viktig gruppe for oss.

– Kommunalbanken og LNK er samde om å føre vidare det smarbeidet som har vore sidan 2003. Ein ny avtale vart signert i august, som me er særs godt nøgde med, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Også KLP har signert ny avtale med LNK i dag. KLP var først ute med å teikne ein samarbeidsavtale med LNK, alt i 2001.

– Me har hatt eit nært og godt samarbeid i alle desse åra og er svært glade for at selskapet ønskjer å vere med vidare, seier Vidar Høviskeland. 

Direktør Roar Strand i KLP seier dei ønskjer dialog med både eigarar og kundar, og at dei gjennom denne avtalen får ein enno ein arena for dialog. 

– Me har hatt ein samarbeidsavtale fram til i dag som me ikkje alltid har vore flink til å bruke. Me vil vere meir aktive i framtida, lovar Strand.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...