Heim Nyhende Vil kontraktfeste måla for skulen

Vil kontraktfeste måla for skulen

Partiet Høgre ønskjer no at alle rektorar skal ha kontraktfesta resultatmål for skulen sin, melder Klassekampen.

Det kjem fram i førsteutkastet til stortingsvalprogrammet for 2013–2017. Dette er ein type kontraktar som allereie er mykje nytta i kommunar og på vidaregåande skolar.

– Vi har slått fast at vi ønskjer å følgje opp rektorane og skulane sine resultat tettare, men akkurat korleis kontraktane skal sjå ut, blir litt opp til kvar enkelt kommune, seier nestleiar Linda Hofstad Helleland i programkomiteen til avisa.

Helleland peikar til osloskulen som eit døme på korleis det kan gjerast. Her har alle skular resultatkontraktar, og desse kontraktane med rektor baserer seg på resultata skulen oppnådde året før.

Skulebyråd Torger Ødegaard (H) i Oslo kommune ser ikkje noko negativt med å ha kontraktfesta resultatmål og seier til avisa at dette spesielt kan gagne dei svakaste elevane. 

Han peiker på at folk på venstresida ser ut til å meiner at skulen er bra nok som han er og at dei nøyer seg med ein skule tilpassa middelklassen fordi barn av middelklassen alltid greier seg.

– Dei har foreldre, søsken eller eit miljø som kan hjelpe til. Dei som ikkje har det er avhengige av at skolen følgjer med og følgjer opp, seier Ødegaard til avisa.

Magnus Marsdal i Manifets Analyse, forfattar av boka Kunnskapsbløffen, fryktar at forslaget til Høgre vil kaste dei vaksne ut i det han kallar ei egoistisk jakt på resultatmål.

– Når målstyring etter bestemte tal avgjer dei vaksne si løn, byrjar målingane å styre åtferda deira, i staden for barna sitt beste, seier Marsdal til Klassekampen.

Les heile saken her.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Pelican Casino: Przewodnik po świecie rozrywki online

Wybór odpowiedniego miejsca do gier hazardowych w sieci jest wyzwaniem dla wielu graczy. Jeśli szukasz rzetelnych opinii o operatorze, sprawdź najpierw pelican casino bonus...

Casino Chile online: guía completa para elegir y jugar seguro en 2026

El entretenimiento digital en español vive un momento dorado: cada año, millones de usuarios buscan propuestas seguras, transparentes y pensadas para disfrutar desde cualquier...

Dlaczego gracze wybierają Superbet jako swój główny portal bukmacherski

Wybór odpowiedniego miejsca do zawierania zakładów wzajemnych jest kluczową decyzją dla każdego fana sportowych emocji. Jeśli interesuje Cię szybki dostęp do swoich środków, superbet...

Alles wat je moet weten over het Superbet platform

Superbet heeft zich in korte tijd ontwikkeld tot een favoriete bestemming voor sportwedders en casinoliefhebbers in Europa. Om direct toegang te krijgen tot jouw...