Heim Nyhende Kommentar: Jubileumsåret 2013

Kommentar: Jubileumsåret 2013

Om ikkje lenge går vi over i eit nytt år. I 2013 skal vi feire det nasjonale språkåret, og at det er 100 år sidan stemmerett for kvinner vart innført. I Sogn og Fjordane skal vi i tillegg markere at vi har eksistert som eige fylke i 250 år.

Kvar for seg er dette viktige hendingar som fortener merksemd. Og det får dei. Med sine komitear og sekretariat som formar visjonar og legg planer for korleis nett deira jubileum kan markerast vert mange involvert i desse hendingane, og kunnskap vert spreidd.

Den 19. september 1763 vart Nordre Bergenhus Amt skipa ved Kongeleg resolusjon. Namnet Sogn og Fjordane kom i 1919. Men er no dette noko å bruke tid og krefter på, kan ein gjerne spørje seg.

Eit fylkesjubileum er eit godt høve til å tenkje samarbeid og samhandling. I Sogn og Fjordane har kommunane, fylkeskommunen, fylkesmannen og kyrkja gått saman for å markere dei første 250 åra for vårt fylke. Saman har vi formulert ein visjon som handlar om at vi ønskjer å synleggjere eit Sogn og Fjordane som byggjer opp om kreativitet og nyskaping. Kunnskapen om Sogn og Fjordane vert styrka gjennom det historiske perspektivet. Gjennom historie, kreativitet og nyskaping vil vi byggja ein sterkare identitet knytt til det å vekse opp og bu i Sogn og Fjordane.

Hovudmarkering for fylkesjubileet vil sjølvsagt finne stad 19. september. Ut over dette er målet for fylkesjubileet markeringar i alle kommunar i fylket i tillegg til større fylkesomfattande arrangement og konferansar. Aktivteten skal ha søkelys på historie, samtid og framtid i Sogn og Fjordane gjennom aktivitet, underhaldning og debatt.

Samarbeidspartane bak fylkesjubileet i Sogn og Fjordane har teke utgangspunkt i ei historisk hending som grunnlag for å sjå litt nærare på oss sjølve i notid og framtid. Vi ønskjer å løfte fram alt det flotte som skjer i fylket, og gje det spesiell merksemd. Ungdom er sett ut som ei viktig målgruppe for jubileet. Ungdom vert involvert gjennom politisk debatt, entreprenørskap og kulturell kreativitet. Vi vil heie fram den nyskapande krafta som ungdom representerer.

Gjennom fylkesjubileet samordnar vi markeringar av så vel språkår som stemmerett. Her er mange koplingar som ligg tett oppi dagen. Det er tid for fest i Sogn og Fjordane. Ein fest med læring! Auka kunnskap om fylket, og nye erfaringar om kva som er mogleg å få til er noko av det eg sjølv ser fram til skal vere resultatet etter fylkesjubileet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...