Har du eit utruleg bra nynorskprosjekt på blokka, kan du kanskje vere den heldige som får Noregs Mållags nynorskstipend. Stipendet skal delast ut til èi kvinne og èin mann, og kvart stipend er på 50 000 kroner.
Føremålet med stipendet er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemda ser særleg positivt på søknader som har som formål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom, heiter det i lysingsteksten.
Det er Kulturdepartementet som løyver pengane, medan styret i Noregs Mållag er tildelingsnemnd. Søknadsfristen for stipendet er 20. februar, og i løpet av april blir det gjort kjend kven som får stipenda.
Tildegare har mellom andre Jostein O.Mo og Merete Bratsberg Aae fått nynorskstipend. Også bloggar Mariell Øyre og multikunstnar Andrea Paleologos, omsetjarar av nynorsk Wikipedia, kaffi-importørar og spelutviklarar har fåt dette arbeidsstipendet.