Heim Nyhende Familiebedrifta Hillestad får BU-prisen

Familiebedrifta Hillestad får BU-prisen

Hillestad AS frå Dølemo i Aust-Agder får den nasjonale bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Noreg for 2012.

 

Torsdag delte statsråd Trygve Slagsvold Vedum ut prisen på 250 000 kroner under messa Internationale Grüne Woche i Berlin. I grunngjevinga for prisutdelinga blei Hillestad kalla eit prakteksempel på ei familiebedrift i distriktet som har bygd stein på stein og oppnådd stor suksess.

Hillestad feriesenter, Hillestadsmykker og Hillestad Galleri er dei viktigaste pilarane i bedrifta. I dag er det tolv fulltidstilsette i verksemda, noko som gjer Hillestad til ein av dei største arbeidsplassane i Åmli kommune.

Bygdeutviklingsprisen blei etablert i 1997 for å synleggjere og inspirere vellukka nærings- og forretnings­utvikling i og i tilknyting til landbruket.

Hillestad AS gjekk av med sigeren framfor Laagen Gulrot AS frå Vestfold, tomatprodusenten Jan Terje Vignes frå Rogaland og Rørosmeieriet frå Sør-Trøndelag. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...