Heim Nyhende Offentlege sider ikkje for innvandrarar

Offentlege sider ikkje for innvandrarar

Offentlege nettsider i Sogn og Fjordane kommuniserer ikkje med innvandrarane, slår rapport fast.  

Rapporten ”Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane” viser at kommunar og regionale aktørar i fylket i liten grad har innvandrarar som målgruppe for sin informasjon,  og at svært lite av informasjonen er tilrettelagt for innvandrarar. Desse nettsidene blir derfor også lite brukt av denne målgruppa, skriv nettavisa Forskning.no.  

Det er Grete Netteland frå Høgskolen i Sogn og Fjordane og Carol Azungi Dralega frå Vestlandsforsking som står bak rapporten. Dei har gått gjennom ei rekkje nettsider i det offentlege Sogn og Fjordane, både frå kommunane, fylkeskommunen, Fylkesmannen, NAV og Integrerings- og Mangfaldsdirektoratet Vest. Dei har òg intervjua innvandrarar og dei ansvarlege for nettsidene.  

Blir eit problem

Studien deira viser at innvandrarar ikkje kjenner til dei offentlege nettsidene, dei finn ikkje fram i dei, og språket på nettsidene er for vanskeleg og for byråkratisk. Den peikar òg på at nettsidene stort sett berre finst på norsk, ikkje på innvandrarane sine eigne språk.  

– Sjølv innvandrarar som er høgfrekvente IT-brukarar og snakkar brukbart norsk, slit med å finne informasjon dei opplever som relevant og forståeleg, seier Netteland til Forskning.no.  

Dette gjer at ei minoritetsgruppe ikkje får nytta seg av same digitale informasjon som andre, og det kan gjere dette til eit demokratisk problem, peikar Netteland på. Dette er også eit problem for Sogn og Fjordane. Fylket treng arbeidskraft, men opplever at om lag halvparten av innvandrarane flyttar derfrå etter ei tid.  

Må involverast

Forskarane rår kommunane og dei regionale aktørane til å ta innvandrarar med på råd for å avdekke informasjonsbehovet. Dei peiker til Sogndal, som blir halde fram som eitt av lyspunkta i studien, kor brukarinvolvering har vore viktig i utforminga av kommunikasjonsstrategien til kommunen.  

Vidare rår dei til å sjå på innhaldet i sidene, bruke eit enklare språk og ta i bruk Klarspråk i kommunal sektor, samt å få ein felles arkitektur på offentlege nettsider. Dei offentlege nettsidene kan med fordel brukast meir aktivt i norsk- og samfunnsfagsundervisninga. Samarbeid på tvers av kommunane og dei ulike nivåa i forvaltninga vil vere nyttig, og forskarane forslår dessutan at Direktoratet for IKT og Forvaltning (DIFI) får ei sentral rolle i utviklinga av meir brukarvennleg offentleg informasjon i digitale kanalar.  

Fekk midlar til forsking

Forskarane meiner det er viktig at offentlege nettsider i større grad og på ein betre måte synleggjer kompetansen innvandrarane sit på og behova som næringslivet i fylket har.

 – Og så kjem vil sjølvsagt alltid tilbake til språket. Meir intensiv språkopplæring og ikkje minst at det er opplæringsmateriell å få på nynorsk – som i dei fleste høve er arbeidsspråket i fylket – trur eg er alfa og omega, seier Grete Netteland.  

Før jul i 2012 fekk fem forskingsinstitusjonar, Vestlandsrådet og fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane tre millionar kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. Pengane skal brukast til å forske vidare på temaet arbeidsinnvandring til Vestlandet. Prosjektet varar frå 2013 til 2015, og målet med prosjektet er å gjere kommunane og fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på den ressursen arbeidsinnvandrarar representerer for regionen. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...