Halvparten av kvinnene meiner det er likestilling på arbeidsplassen. Så mange som to av fem kjenner seg likevel ikkje likestilte på jobben, viser undersøking.
I undersøkinga som Sentio har gjort for Nationen, svarar 72 prosent av mennene ja på spørsmålet om dei opplever at det er likestilling i arbeidslivet. Det same gjer altså 50 prosent av kvinnene.
41 prosent av kvinnene svarer nei på spørsmålet, medan 22 prosent av mennene gjer det same.
LO-nestleiar Gerd Kristiansen meiner deltidsarbeid er hovudproblemet. Ho seier det i stor grad dreier seg om kjønnsrollemønster og haldningar som det vil ta generasjonar å endre på.
– Difor er det viktig å setja likestilling på dagsorden. Kvinnekampen er langt frå over, seier Kristiansen.
Også nestleiar Peggy Hessen Følsvik i Handel og Kontor seier det er eit stykke å gå før vi har likestilling i arbeidslivet.
– Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, der kvinner og menn framleis er tradisjonsbundne i yrkesvalet, viser dessverre at det er ein lang veg å gå for likestillinga. Strukturane er framleis fastlåste, seier ho.
Arbeidslivsforskar Heidi Nicolaisen i forskingsstiftinga Fafo konstaterer at Noreg har ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. (NPK)