Heim Nyhende Klarspråksprisen til Statens vegvesen

Klarspråksprisen til Statens vegvesen

Vinnaren av Klarspråksprisen 2012 er Statens vegvesen.

Juryen meiner Statens vegvesen har arbeidd systematisk med godt språk gjennom mange år og har vist imponerande gjennomføringsevne. 

Les heile grunngjevinga frå juryen

– Statens vegvesen har sett i gang og gjennomført tiltak og prosjekt med tydeleg entusisme og skapt glød og begeistring i heile organisasjonen. Klarspråksarbeidet er solid forankra på alle nivå i organisasjonen, og vinnaren har klart å integrere klarspråksarbeidet i den daglege drifta på ein god måte. Vegvesenet har kartlagt førsituasjonen grundig, målt resultata undervegs og kan vise med tal og statistikk at dei har oppnådd økonomiske resultat og nå sparer tid og har meir nøgde brukarar, seier juryleiar Kjell Lars Berge. 

– Klarspråksarbeidet er eit viktig bidrag til bedre dialog med brukarane. Eg er glad for at Vegvesenet valde å satse på klarspråk i 2010, og er sjølvsagt veldig stolt over at me allereie no går av med førsteprisen blant dei 60 offentlege organisasjonane som jobbar med å skrive klarare, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding. 

I år blir Klarspråksprisen delt ut for fjerde gong. Prisen skal vere med å fremje og styrke klarspråksarbeidet i staten. Prisen går til eit statsorgan som har lagt ned ein ekstraordinær innsats for å gjere tekstar på papir og nett tilgjengelege og forståelege for brukarane. Prisen blir delt ut av Fornyings-, administrasjon-og kyrkjedepartementet. 

I juryen sit Kjell Lars Berge (leiar), Gunn Ovesen, Ola Breivega og Ragnfrid Trohaug. 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...