Heim Nyhende Rosar Kvinnherad kommune

Rosar Kvinnherad kommune

Kvinnherad kommune får målblome av Kvinnherad mållag. Dei rosar blant anna kommunen for medlemskapen i LNK. 

Kvinnherad mållag rosar kommunen for at dei har tatt eit tydeleg standpunkt til nynorsk som tenestemål, skriv kvinnheringen.no

– Siste vedtaket vart gjort i 1932. Seinare har det ikkje vore naudsynt å ta opp dette spørsmålet. Dette fortel at Kvinnherad har vore og er ein trufast nynorskkommune, heiter det i pressemeldinga.

Mållaget legg vekt på at kommunen er med i LNK og at dei saman med LNK har skipa til kurset På saklista for dei tilsette. Dei meiner det også er viktig at det føreligg politisk vedtak om at opplæringsmålet for vaksne innvandrarar er nynorsk. I overgangen til privat barnehagedrift med sterke aktørar frå sentrale strok er også dei nye eigarane blitt merksame på at opplæringsmålet i Kvinnherad er nynorsk og at det er noko dei må rette seg etter. 

– Så langt vi kan sjå, er kommunen medviten om vedtaket frå 1922 og tilsette gjer sitt beste for god målbruk i saksutgreiing og i alt skriftleg informasjonstilfang internt og eksternt. Dette gjeld òg målbruk i brosjyrar, på kommunen si heimeside og i all marknadsføring og omdømebygging, meiner mållaget.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...