Heim Nyhende Aakre Tennø innstilt som leiar i Noregs Mållag

Aakre Tennø innstilt som leiar i Noregs Mållag

Marit Aakre Tennø (34) er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Ho er i dag norskfagskonsulent i Noregs Mållag.

Marit Aakre Tennø ser fram til å ta fatt på leiarjobben.

–  Nynorsk er eit vitalt språk som dominerer i dagleg bruk i mange hundre norske lokalsamfunn. Men nynorsken har dei same problema som andre språk i minoritetsposisjon, seier Marit Aakre Tennø. Noregs Mållag trengst til å gå føre i det daglege arbeidet for å få fleirtalet til å ta eit rimeleg omsyn til mindretalet som brukar nynorsk.

–  Dette handlar om å gje det nynorske språksamfunnet rammer for å utvikle seg. Det er særs viktig at det offentlege då går føre og forsvarar og styrkjer to av dei aller viktigaste ordningane som sikrar nynorsksamfunnet: sidemålet og mållova, seier Marit Aakre Tennø. 
–  Dette er ordningar som er heilt avgjerande for å sikre dei nynorske lokalsamfunna den språkkompetansen dei treng og sikre nynorskbrukarane dei mest grunnleggjande språkrettane. Dette er òg særs viktig for å ta vare på den nynorske skriftkulturen som ein del av den felles norske kulturarven.

Marit Aakre Tennø er sunnmøring, men bur i Jostedalen i Sogn.  Ho sit i formannskapet og kommunestyret i Luster for Senterpartiet og har dei siste åra arbeidd mykje med bygdeutvikling. 

Sigbjørn Hjelmbrekke (33) frå Bø i Telemark er innstilt som nestleiar. Desse er innstilt til styret: Janne Nygård, attval (Oslo), Terje Kjøde attval (Ørsta), Sveinung Rotevatn, ikkje på val (Oslo) og Helga Hjetland, ikkje på val (Kyrkjebø).

Ny fast møtande 1. vara er Ingrid Fiskaa (Oslo), lektor på Hellerud vgs, sentralstyremedlem i SV og tidlegare statssekretær, 2. vara Solgunn Liestøl, attval (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad, attval (Lista) og Magne Heide, ny (Harstad). 

Håvard B. Øvregård som har vore leiar i fire år, har sagt ifrå seg attval. Innstillinga frå valnemnda er samrøystes. Det blir landsmøte i Noregs Mållag 19.-21. april i Ørsta. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...