Heim Nyhende Tilrår nynorskbøker

Tilrår nynorskbøker

Haugesund folkebibliotek sette nyleg nynorsk på dagsorden. I tillegg til å skipe til eigen nynorskfest har dei laga eit hefte der dei tilrår gode nynorskbøker. 

Folkebiblioteket er ein av institusjonane som tidlegare fekk støtte frå Fritt Ord til å starte litteraturprosjekt som skulle stimulere til auka formidling av nynorsk litteratur. Navnet på prosjektet vart Les! Nynorsk! og vart delt inn i to deler; eit hefte med tilrådingar om nynorske bøker og ei festveke med litteraturarrangement. Haugesund folkebibliotek vart støtta med 50 000 kroner frå Fritt Ord.  

Les også: Fritt Ord støttar nynorske litteraturprosjekt

– Nynorskfesten vart eit veldig vellukka prosjekt, me hadde mange arrangement som vart godt besøkt, seier biblioteksjef Torill Borge Homeland som legg vekt på at det er kjekt å ha eit nynorskarrangement også i ein bokmålskommune. 

Ideen om eit hefte der ein kunne tipse om dei gode nynorskbøkene kom til etter spørsmål frå bibliotekarane sjølve. I tillegg til støtta frå Fritt Ord fekk også biblioteket støtte frå Haugesund Mållag og Ungdomslag til å gi heftet eit godt design. 

– Fleire sakna hjelp til å formidle nynorskbøkene. Mange kjem innom biblioteket og skal ha ei «god nynorskbok», då er det ikkje alltid like enkelt å kome på kva ein har inne i farten, seier Homeland. 

– Vaksenavdelinga til  barne-og ungdomsavdelinga har samarbeidd og plukka ut bøker for ungdom og vaksne. Me har konsentrert oss om nyare utgjevingar og har gjort eit utval på grunnlag av bokomtalar, blogginnlegg og eigne lesaropplevingar, står det i sluttrapporten som er laga. 

Heftet er no lagt ut på nett, og allereie er det kome inn 40 spørsmål frå heile landet om å få det tilsendt. Heftet er trykt opp i 700 eksemplar. Det er også laga ei utstilling midt i biblioteket med dei tilrådde bøkene. 

– Bibliotekarane skal vere gode på så mange felt, då er det godt med slike hjelpemidler. 

På nynorskfesten kunne ein mellom andre møte Are Kalvø, Gaute Sortland, Solveig Aareskjold, Agnes Ravatn, Siri Kvamme og Bergen Mandolinband. 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...