Heim Nyhende Knut Aastad Bråten ny redaktør i Syn og Segn

Knut Aastad Bråten ny redaktør i Syn og Segn

Knut Aastad Bråten (37) er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn.

Han kjem frå stillinga som redaktør for bladet Folkemusikk, der han har arbeidd sidan 2007. Han er utdanna kulturhistorikar frå Universitetet i Oslo, er aktiv som musikar og bur i Valdres. Aastad Bråten overtek stillinga etter Bente Riise som har vore redaktør i sju år.

Aastad Bråten har klare mål for utviklinga av Syn og Segn, som har vore kåra til årets tidsskrift i både Noreg og Norden i 2010.

– Eg ynskjer å gjera Syn og Segn til ein premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Syn og Segn skal drøfte og belyse viktige, dagsaktuelle, men også underkommuniserte og lite belyste tema – både i dei motkulturelle miljø og innan kultur, samfunn og vitskap i vid forstand.

John-Ragnar Aarset, styreleiar i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, er svært glad for tilsettinga av Aastad Bråten.

– Knut er audmjuk i høve til at han tek over ein arv av tradisjon og kvalitet – som også vinn prisar. Samstundes har han klare idear om korleis han vil løfte Syn og Segn vidare og nå ut til fleire lesarar. Som redaktør i bladet Folkemusikk har Knut synt at han kan løfte og modernisere, samstundes
som føtene står godt i tradisjonen.

Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som vart starta i 1894 av Arne Garborg og Rasmus Flo, og har eit vidt spenn i tema innan kultur, politikk og samfunn.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...