Heim Nyhende Lettlestbøker som app

Lettlestbøker som app

Samlaget satsar no på lettlestbøker på nynorsk som app.


– Lettlestbøker på nynorsk er, som alle som held på med nynorsk veit, ei mangelvare. Dette har vi lenge ønskt å gjere noko med, og draumen og planen er å lansere ein stor lettlestserie på nynorsk, slik at unge lesarar skal kunne bli stø i nynorsk, seier forlagsdirektør Samlaget Litteratur, Ragnfrid Trohaug. 

Ho viser til at ei slik satsing er eit stort økonomisk løft som også krev ekstern finansiering.

– Det håper vi går, for dei små lesarane fortener gode lettlestbøker på nynorsk. Det er lite å velje mellom per i dag.

Satsar digitalt
– Det er også lite digitalt innhald for barn på nynorsk, så då tenkte vi å slå to fluger i ein smekk, nemleg lettlest- og digitalformatet. Vi er stolte over å vere av dei første som leverer innhald retta mot barn for Windows 8, i tillegg til Android og ITunes.

Både barn som skal lære å lese sjølve, og barn som ikkje kan lese sjølve, er i målgruppa.

– Kvar app kan lesast på tre ulike måtar: Ein kan høyre teksten bli opplesen, ein kan berre lese teksten, og ein kan lese teksten i «karaokefunksjon», det vil seie at ein les mens markøren går bortetter, og så kjem opplesaren i sakte fart.

Må fengje lesaren
Trohaug meiner bestemt at lettlestbøker må ha fengjande historier med enkelt språk, noko som har vore viktig når ein har gjort utvalet.

– I tillegg må bøkene vere enkle å få tak i, og dei titlane som er å få kjøpt digitalt på alle tre plattformar som eg nemnde, er enkle å få tak i. Så når folk får auga opp for at desse bøkene finst, håper og trur eg at dei går unna. Foreldre og formidlarar vil jo veldig gjerne at ungane skal bli gode og trivast med å lese, det kan desse appane hjelpe til med, slår forlagsredaktøren fast.

– Vi har både vilje og planar om meir, så no håper eg at foreldre, formidlarar og barn der ute viser at dei ønskjer slikt innhald digitalt.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...