Heim Nyhende Idealisten

Idealisten

Ho er idealist, politikar og samfunnsbyggjar. No skal Marit Aakre Tennø leie Noregs Mållag. 

 

 

Det er valdag. Snart skal Marit Aakre Tennø sitje i valdagsstyret i heimkommunen Luster i Sogn og Fjordane. Litt seinare skal ho på valvake, ei valvake der det skal vise seg at høgresida i norsk politikk vinn regjeringsmakta. Marit er spent. 

– Det er ein avgjerande kveld for nynorsken. Eg har litt vondt i magen, seier Marit medan ho kastar seg på sykkelen. Før valdagen kan byrje, må mållagsleiaren nemleg ein tur til tannlegen.

Den nye leiaren i Noregs Mållag er ikkje ny i målrørsla. Ho har både vore dagleg leiar i Kringkastingsringen og norskfagkonsulent i mållaget. Tidlegare i år overtok ho leiarjobben etter Håvard B. Øvregård. Ho er ein av dei som kjem frå sjølve kyrkjelyden i mållagsarbeidet, ho har nettverket og kjenner historia. Ho veit kven som meiner kva, og kven ho bør og kan snakke med. Mållaget valde ein av sine eigne då dei skulle finne arvtakaren til Høgre-politikaren Øvregård.

– Vi treng ein heilt ny språkpolitikk som har som mål å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål, sa den nyvalde leiaren til NRK rett etter landsmøtet i Ørsta.

– Eg var ein ganske umedveten nynorskbrukar fram til studietida. Der oppdaga eg at nynorsken ikkje var sjølvsagt, og melde meg inn i Målungdomen, seier Marit, som er oppvaksen i Brattvåg på Sunnmøre.

– Det er ein av kommunane på Sunnmøre som ligg i eit språkleg pressområde, tett opp mot Ålesund. Her brer bokmålet om seg. Det er inspirerande å sjå at det ikkje er slik i fylket der eg bur no, seier ho og siktar til Sogn og Fjordane, som er meir skjerma mot bokmålspresset og målbytet.

Ho ser på pressområda som viktige arbeidsområde for mållaget framover. Først og fremst må ein kartlegge kva som fører til utviklinga i desse områda, Her i Sogn og Fjordane er det ingen stor bokmålsby. Rundt byar som Ålesund, Bergen og Stavanger ser du derimot at bokmålet breier om seg. Det er ei utfordring.

Marit er glad i utfordringar. Og ho brenn for nynorsken og bygdene. 

– Målrørsla er full av folk som kjempar mot sterke krefter, og som aldri gjev seg. Ho er full av folk som er svært kunnskapsrike, og som er viljuge til å ta upopulære kampar.

Ho er imponert over kor langt det språklege engasjementet rekk.

– Folk klagar på at det ikkje er nynorske frimerke, dei klager på skjema dei får på bokmål, og står på til skjemaet kjem på nynorsk. For mange er dette noko av det mest ukule ein kan drive med i verda. .

– Kva vil du endre i organisasjonen?

– Eg vil gjere oss endå flinkare til å møte presset som kjem utanfrå, og til å gå i debattar når motkreftene vil endre skulemålet, administrasjonsspråket eller berre ikkje synst det er viktig å forsvare nynorsken.

Marit meiner mållaget må bli endå flinkare til å argumentere og til å stå i kampane som kjem.

– Me er veldig gode på sidemålsspørsmålet, men kampen står fleire stader, slår ho fast.

Å drive målkamp er ingen A4-jobb. I sommar har Marit vore med på deler av Nynorskstafetten, den store reisa der Noregs Mållag fartar i Ivar Aasen sine fotefar fram til oktober. I denne veka har ho saman med den gule bilen besøkt Hallingdal, ein stad med «medvetne målfolk og ordførarar i kvar ein krok», som Marit skreiv på Facebook-profilen sin etter turen.

– Kva motiverer deg?

– Alle dei flinke målfolka i organisasjonen som står på. Som sender tekstmeldingar, ringer eller sender e-post når dei meiner me må bidra eller ta til motmæle.

– Kva drøymer du om?

– Ei regjering som vernar om nynorsken, seier Marit utan å nøle.

Ho er ikkje redd for ei forgubbing i mållaget
– Om ein ser på det nye styret i mållaget, så er det ingen ting som tyder på ei forgubbing. Og på landsmøta ser me at det stadig kjem til nye unge folk. Nei, eg trur ikkje det blir forgubbing.

– Kva er ditt beste råd til nynorskkommunane?

– Å , det er vanskeleg. Nynorskkommunane er så ulike. Eg trur at kommunane generelt må bli flinkare til å støtte opp om at nynorskelevane skal bli betre til å skrive nynorsk.

Ho har sterk tru på at suksess som nynorskkommune er avhengig av haldningsarbeid. Kommunane må sjølve vere medvitne om kva språk dei brukar, og korleis dei skal ta vare på det.

– Det er viktig å ha ein klar politikk på at ein er ein nynorskkommune, meiner mållagsleiaren.

– Borna mine går på skule inst i ein nynorskkommune, på ein språkleg medviten skule. Det er klart det er viktig når skulane sjølve til dømes er flinke til å reklamere for god nynorsk litteratur. Alt er enklare då.

– Marit har sterk tru på engasjementet, både språkpolitisk, sosialt og samfunnsmessig. Kall henne gjerne ein idealist. Ho er politikar og formannskapsmedlem for Senterpartiet i Luster kommune. Ho har vore vikarierande fylkessekretær i Nei til EU, ho har arbeidd som kommunikasjonsrådgjevar i Merkur-programmet og i eit tilflyttingsprosjekt i Jostedalen.

– Mellom 2008 og 2012 arbeidde eg med eit tilflyttingsprosjekt i Jostedalen. Ved sida av arbeidde eg òg i Merkur-programmet, som driv eit kompetansehevingsprogram for utkantbutikkar. Då har eg vore heldig og fått reist rundt i dei minste bygdene i Noreg, frå Skogfoss i Pasvikdalen til det vesle øysamfunnet Hidra på Sørlandskysten. Men nett som med nynorsken, så er utkantbutikkane så smått truga. Drivstoffselskapa vil ikkje levere drivstoff, skular vert lagde ned, og ei generell sentralisering trugar mange slike bygder.

Kanskje du hugsar henne frå ein reportasje i Nationen der ho viser fram tomter i Jostedalen der folk kunne få bygge sine eigne småbruk. På nettsidene til tilflyttarprosjektet lokka dei med ein draumetest der potensielle tilflyttarar skulle få sjansen til å finne ut kva dei eigentleg drøymde om. «Drøymer du om utsikt frå toppen?» lokka dei for å få fleire til å busetje seg i bygda. Målet var og er å rekruttere havfolk, fjellfolk og byfolk. Ikkje noko mindre.

Samfunnsengasjementet er breitt Ho har meint mykje om lokalsamfunnsutvikling, likestilling og språkpolitikk. Får du tid til hobbyar?

– Eg går til fjells både på beina og på ski, og så rotar eg litt rundt i nokre skrale grønsakskassar eg har i hagen.

Eigentleg skulle ho få nokon til å ta bilete av seg på valvaka i Luster. Bilete av ein spent mållagsleiar med litt vondt i magen. Men klokka gjekk for fort, orsakinga kom dagen etterpå saman med ein kommentar til valresultatet.

– Om valet tenkjer eg at den store nynorskfraksjonen i Høgre no må alliere seg med Venstre og KrF for gode nynorskformuleringar i ei eventuell regjeringserklæring.

Idealisten har fått ei ny utfordring å bryne seg på.

 

———————————————

Sjølvmelding: 
Namn: Marit Aakre Tennø
Alder: 36 år
Sivilstatus: gift
Les: Mest aviser, men òg målsoge
Høyrer på: menn med gitar som syng på nynorsknæredialektar: Tønes, Stein Torleif Bjella og Odd Nordstoga
Vert inspirert av: stoda til nynorsken i Sogn og Fjordane
Førebilete: alle idealistiske målfolk som kjempar for nynorsken kvar dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...