Heim Nyhende – Lokalsamfunn og turisme må utviklast saman

– Lokalsamfunn og turisme må utviklast saman

 

– Gode reisemål og gode lokalsamfunn må utviklast av folk i fellesskap, seier forskar Lars Ueland Kobro ved Telemarksforsking.

 

 

Denne veka presenterte han undersøkinga «Duett eller duell» på reiselivskonferansen i Balestrand i Sogn. Studien, som Telemarksforsking har gjort saman med rådegjevingsselskapet Mimir på oppdrag av Distriktssenteret, tek for seg samanhengen mellom reiseliv og lokalsamfunnsutvikling, eller snarare mangelen på samanheng. Det viser seg nemleg at det slett ikkje er slik at kommunar som har eit stort og vellykka reiseliv, også alltid lykkast med utvikle lokalsamfunnet. Tvert imot har mange store reiselivskommunar problem med fråflytting.

– Det er ikkje mange kommunar som greier å kombinere positiv besøksutvikling til positiv lokalutvikling, seier Kobro. Lyngdal er ein kommune som til ein viss grad har greidd det, medan for eksempel Røros har god utvikling når det gjeld næringsliv og turisme, men samstundes nedgang i folketalet.

Minst dårlege
I studien er kommunane rangert etter omfanget av og veksten i reiselivet og kor attraktiv lokalsamfunnet er å bli buande eller busetje seg i.

Kobro vil ikkje karakterisere nokon av kommunane som særleg gode på begge områda, men blant dei minst dårlege plukka forskarane ut ni kommunar dei såg nærare på. Mellom anna Balestrand, Eidfjord, Lyngdal og Røros.

Lyngdal er ein typisk sommardestinasjon med mange fritidsbustader, og kommunen har samstundes relativt god utvikling i folketalet. Balestrand er eit eksempel på det motsette.

Undersøkinga avslørar at mange kommunar manglar både kunnskap og kompetanse for å utvikle så vel reiseliv som lokalsamfunn. Staden må ha kunnskap om kva som er deira sterke og svake sider. Så må staden ha klare mål, kloke planar, struktur og ein god samspelkultur for å få til ei god utvikling, skriv forskarane.

Tillit og samhandling
Oppskrifta for å lykkast er ifølgje Kobro å skape «stadlege kompetente og komplementære tillitsfulle nettverk». Dette forskaromgrepet forklarar han slik:

– Nettverket må vere lokalt på staden. Når ein stadig omorganiserer reiselivet med regionale og nasjonale nettverk, må ein ikkje gløyme den lokale dimensjonen.

– Utviklinga må byggje på kunnskap og vitskap, ikkje synsing. Det har vore altfor mykje synsing om reiseliv i Noreg, også på stader som lever av besøket sitt.

– Ein må opne for ulike meiningar og andre idear. Om ein samlar 200 som tenkjer likt, kunne ein like gjerne berre vore ein.

– Utan tillit får ein ikkje til å lage slike nettverk. Det må vere ein kultur på staden for å tenkje annleis og dele kunnskap.

Kobro legg også vekt på at dei ulike miljøa må gjere ting saman, ikkje berre prate saman.

Eldsjeler og gode idear
Kobro brukar Geilo som eksempel på ein stad som har klart å få til mykje av dette. Fram til 2010 stod Geilo stille som destinasjon og bygda var prega av lite dynamikk og mistillit. Så kom det ein ny ordførar, Tony Kjøl, som saman med gode allierte, sett i gang prosessar for å endre utviklinga. Han inviterte til frukostmøte ein gong i månaden med reiseliv, næringsliv og politikarar. Møte med mat, men utan agenda. Ordføraren tok også initiativ til samhandling på fleire andre arenaer. No går Geilo mykje betre, ifølgje Kobro.

– Den nye tida stiller fleire og meir komplekse krav til kommunane her i landet. Silosamfunnet har gått i oppløysing og nettverkssamfunnet er over oss. Kommunen må spele mange nye roller; rolla som fasilitator, leiar og utviklar, i tillegg til å vere rammesetjar, vaktar og driftar. Det er ikkje lett, men alternativet er stillstand og tilbakegang.

Kobro rår kommunane til å ta vare på dei gode initiativa når dei kjem – for dei kjem.

– Dei kjem gjerne frå ein innflyttar, ein grunneigar, ein hotelleigar eller ei anna eldsjel. Då må kommunen fange ideen i lufta og ikkje la han flyge av stad. Då landar han i så fall ofte på ein konkurrerande stad. Gode idear må leiinga i kommunen omfamne og vidareutvikle, seier Kobro. (©NPK)

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...