Heim Nyhende Finnøy: - Heilt naturleg med nynorsk

Finnøy: – Heilt naturleg med nynorsk

Ordførar Gro Skartveit (V) kjenner seg trygg på at Finnøy har ein solid nynorsk identitet.

Det er hektiske dagar i Finnøy kommune, omkampen om kven som skal få drive legebåten i øykommunen, er i gang. Når skodda heng over fjorden og legekontoret er stengt, er det legebåten som reddar liv i Finnøy. No skal Helse Stavanger finne ut kven som får lov til å drive båten i åra framover.

– Det er travelt, men spanande, seier ordføraren, som har funne nokre tilmålte minutt til oss.

– Du har vel nyleg landa etter valsigeren, du er godt nøgd med resultatet?

– Det er eg, jo. Men som ordførar er eg også spent på kva valresultatet har å seie for distrikta,Det er eg ikkje så sikker på. Det blir stadig høgare krav til kommunal drift, og då treng ein også midlar å drive for., slår venstreordføraren fast. 

Nyleg lanserte Stavanger Aftenblad henne som ein av kandidatane som kan bli spurde om å gjere ein jobb i regjeringskvartalet. Likevel høyrest det ut som om utfordringane som ordførar er spanande nok, i alle fall framleis.

Mangfaldig kommune
– Eg er stolt over å vere ordførar i denne kommunen, ikkje minst sidan folk er så engasjerte. Dei står på og held liv i eit mangfald av organisasjonar og frivillig arbeid. Det står det respekt av.

Skartveit meiner at land- og havbrukskommunen har mykje å by på, både for hyttefolk og fastbuande. Trass i ein økonomi der sparekniven må brukast kraftig denne hausten, er ordføraren positiv. Etter at store deler av øysamfunnet vart landfast med Stavanger med Finnfast i 2009, har folketalet fått seg ein oppsving og er no oppe i 3050. Sjølv om kommunen har fått kortare veg til byen, meiner ordføraren at Finnøy framleis klarer å halde på identiteten og særpreget – også når det gjeld språk. Skartveit meiner det er forskjell på Finnøy og nabokommunen Rennesøy, som kanskje merkar meir til bokmålspresset frå byområdet.

– Me kjenner ikkje bokmålspresset på kroppen ennå, men me veit jo ikkje korleis dette vil utvikle seg. Me har mange arbeidsplassar og aktivitetar i kommunen, vegen ut har ikkje ført til at «alle» pendlar ut, og me har såpass lang veg ut at folk i stor grad ikkje deltek på fritidsaktivitetar i Stavanger . Det er ofte det som skjer i kommunar der nynorsken blir pressa ut av bokmålet.

Ordførar og forfattar
Skartveit meiner nynorsk er heilt naturleg som administrasjonsspråk i kommunen. Til no har ho ikkje sett klager frå nytilsette eller nyutdanna som heller ynskjer å skrive bokmål. 

– Det er ikkje noko tema, det kan sjå ut som at nynorsken er heilt naturleg for dei. 

At lokalavisa Øyposten no blir gjeven ut på bokmål, synest ho derimot er verre å kommentere.

– Mange har nok lagt merke til det, men det er ikkje noko me kan gjere noko med. Me får gjere noko der me har høve til det.

Sjølv er ho nynorskbrukar inntil margen. Både som politikar og som forfattar. Dei to bøkene ho har gjeve ut, er begge på nynorsk.

– Ein av lesarane mine ringde faktisk for å høyre om den eine boka mi kom til å kome på bokmål, seier ho og ler.

– Det er første gongen eg har høyrt om noko slikt. Sjølvsagt kom ho ikkje på bokmål. Det ville jo vore heilt unaturleg.

Ordføraren om:

Språk:
Finnøy er ein nynorskkommune der me kjenner lite til bokmålspresset. Sjølv er eg nynorskbrukar på min hals.

Sosiale medium:
Her er kommunen altfor dårleg. Me må bli meir synlege i sosiale medium og må vere der folk er.

Kommunesamanslåing:
Det blir kommunesamanslåing, enkelt og greitt. Eg håpar berre me får lov til å gjennomføre desse prosessane lokalt, eg vil ikkje at andre skal teikne kartet for oss.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...