Heim Nyhende Litteraturdagane i utvikling

Litteraturdagane i utvikling

Ordførar Arne Vinje i Vinje kommune meiner Litteraturdagane i Vinje er viktige i omdømmebygginga av kommunen. 

 

 

Litteraturdagane i Vinje har hatt ei positiv utvikling, seier ordførar Arne Vinje i Vinje kommune. Litteraturdagane i Vinje er ei årleg tilskiping der meininga er å bli litt betre kjende med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet. Arne Vinje fortel at dei i starten konsentrerte seg om forfattarar frå kommunen og regionen, som Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aasmund Olavsson Vinje. 

– Men det er klart det er avgrensa kor lenge ein kan variere programma ut frå det. Etter kvart har ein utvida programmet meir tematisk, fortel ordføraren, som er glad for at litteraturdagane set Vinje på kartet.

Byggjer omdømme
– Det er vanskeleg å måle konkret effekt av litteraturdagane, men festivalen er med på å stadfeste at Vinje kommune er ein kulturkommune, og ikkje minst er han med på å forme omdømmet vårt, seier han. 

– Kva håpar du for framtida til litteraturdagane? 

– Eg håpar dei finn grunnlag for å halde fram det gode arbeidet. Me har vore heldige og har fått med oss dyktige personar i leiinga av festivalen. Eg håpar dei kan halde fram lenge, og at ein får ei god rekruttering. Og så håpar eg ein blir prega av den same nytenkinga ein har vore så langt.

Litteraturdagane i Vinje dette året gjekk av stabelen første helga i september. I tillegg til eit variert litteraturprogram, der blant anna samtalar med fleire debutantar stod i sentrum, vart Storegutprisen delt ut også dette året. I år var det Herborg Kråkevik som vann prisen, i fjor var det NRK-profil Ingvild Bryn. Prisen har fått namnet sitt etter diktverket Storegut, som Aasmund Olavsson Vinje gav ut i 1866. Diktet byggjer på segnene om Olav Olavsson Edland (1764–1791). Storegut er sentral i Vinje si dikting.

Forteljingane om kjempekaren gjekk på folkemunne, og dei uvisse omstende rundt det som hende då han brått blei burte med han gjætte drift i Bordalen, gjorde sitt til at livet til Storegut eggja fantasien til folk. Aasmund Olavsson fekk nok høyre desse forteljingane mang ein gong. Ikkje minst av sin eigen far, står det å lese på festivalen sine eigne nettsider.

Verdig prisvinnar
Prisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk mål i det offentlege rommet.
Dette er 12. gong prisen blir delt ut. Den fyrste som fekk prisen, var Ivar Eskeland under litteraturdagane i 2002, dei andre prisvinnarane er Berge Furre, Ragnhild Sælthun Fjørtoft, Bjørn Bø, Sigmund Groven, Liv Signe Navarsete, Audun Svartdal, Nina og Øystein Rudi, Odd Nordstoga og Astrid Brekken . Litteraturdagane i Vinje er eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje Kommune og Telemark Fylkeskommune.

– Litteraturdagane i Vinje er eit sjølvstendig arrangement, men kommunen medverkar på fleire måtar, seier ordførar Vinje, som gler seg over ei positiv utvikling, både når det gjeld tema og oppslutnad.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...