Heim Nyhende Held på sidemålet

Held på sidemålet

 I regjeringserklæringa som Høgre og Framstegspartiet la fram måndag kveld vart det klart at dei held på sidemålet, men svekkar mållova.

 

Måndag kveld blei Høgre og Framstegspartiet ferdige med forhandlingane om regjeringserklæringa si. Når det gjeld språkpolitikken ser det ut til at Høgre vann mest fram, skriv Framtida.

Partia har blitt samde om å setja ned eit utval som skal vurdera norskfaget med sikte på å styrkja faget som språkfag, gjera sidemålsundervisinga meir engasjerande for elevane og forbetre karaktersettinga. Det blir dermed ikkje noko av å gjera sidemål valfritt, slik Framstegspartiet lovar i programmet sitt.

Regjeringa Solberg vil også endre mållova, i regjeringsærkleringa blir det lagt vekt på at dei støttar opp under begge målformene som hovudmål. Med dette vil dei erstatta dagens rett til å få svar på eigen målform med ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å bruka sin eigen målform, skriv Framtida.

– Norsk Målungdom er glade for at me har blitt lytta til i sidemålspørsmålet, seier leiar Vebjørn Sture i ei pressemelding om regjeringserklæringa.

– Me er nøgde med at den nye regjeringa har prioritert meir kunnskap i skulen framfor gamle kjepphestar, forklarer Sture. Han framhevar vidare at NMU har vore ein pådrivar for å styrkja norskfaget som språkfag, noko Høgre og FrP også går inn for i regjeringserklæringa.

Målungdomsleiaren er ikkje einig i Høgre og FrPs lovnad om å hola ut mållova, men tek likevel den saka med knusande ro.

– Høgre og FrP er dei einaste partia som har gått til val på å svekkje den språklege likestillinga i statstenesta. Stortingsfleirtalet som trengst for å gjennomføra det, eksisterer ikkje, konstaterer Sture.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...