Heim Nyhende Språkleg sterk kommune

Språkleg sterk kommune

Nynorsken står sterkt i Stryn kommune, meiner ordførar Sven Flo (H).

 

– Eg meiner bestemt at nynorsken står sterkt i kommunen. Språket står solid her, både i næringslivet, skulen og barnehagen, meiner ordføraren.
Trass i det ser han også språklege utfordringar.

– Det er klart me har ein god del innvandrarar og arbeidsinnvandrarar som får ei utfordring i å prøve å lære nynorsk og ikkje bokmål. Tilflytting sper på bokmålsbruken i kommunen, men det er også ei naturleg utvikling, slår ordføraren fast.

– Ein kommune er avhengig av vekst. Men det er viktig at me er opptekne av bruken av nynorsk i det offentlege.
Rådmann Per Kristian Storevik ser at tilsette i kommunen som tradisjonelt brukar bokmål, ofte slit når dei skal skrive nynorsk.

– Mange prøver så godt dei kan, men somme gonger blir det ein nynorsk som ein ikkje kan vise fram til andre, seier rådmannen, som legg til at kommunen forventar at nye tilsette skal handtere nynorsk.

– Det er ikkje vår oppgåve å utdanne dei i nynorsk når dei skal ha den kompetansen med seg frå før.

Må bruke sparekniven
Kommunen melde seg nyleg ut av LNK, noko både ordføraren og rådmann Storevik forklarer med økonomiske grunnar. Også i Stryn er kommuneøkonomien vanskeleg, og sparekniven er brukt der dei har fått det til.

– Det viktigaste for oss no framover blir å gje innbyggarane våre eit godt tenestetilbod. Det er ei krevjande oppgåve, ikkje minst med tanke på mange av dei oppgåvene staten pålegg oss. Eit godt døme på det er samhandlingsreforma som nyleg vart innført.

–  I den samanhengen vart LNK-medlemskapen no sett til side, men ingen veit kva som skjer i framtida.

– Du er ikkje nynorskbrukar sjølv?

– Nei, som du sikkert høyrer, så kjem eg frå tjukkaste Oslo. Men eg handterer begge målformene og har eit tett og nært forhold til nynorsken. Eg er flaska opp på nynorsk frå mor mi, som også var frå Stryn.
 
Rådmann i Stryn kommune, Per Kristian Storevik, trur språklege endringar hjå innbyggarane speglar den digitale utviklinga.
– Me er i stadig endring, med ei sterk utvikling på digitale flater. Språket me brukar i sosiale medium, er i endring og kanskje ein trussel mot både bokmål og nynorsk. Mange distanserer seg frå normert språk når dei skriv på nettet, ein utviklar eit eige nett- og sms-språk som ein truleg berre har sett byrjinga av.

På friarferd?
Rådmann Storevik trur ikkje at språket er ei av hovudårsakene til at kommunen ofte har utfordringar med å rekruttere naudsynt arbeidskraft.

– Eg trur det har meir å gjere med at me konkurrerer med næringslivet når det gjeld lønn og spanande arbeidsoppgåver. Kommunen har på det området diverre ikkje så mykje å stille opp med som det private næringslivet har.

I desse endringstider er det også naturleg å snakke om ei mogleg kommunesamanslåing.

– Me vil absolutt vere med på å diskutere ei mogleg kommunesamanslåing, men ikkje dersom diskusjonen er basert på tvang. Dette skal kome nedanfrå og vere ein inkluderande prosess, seier høgreordføraren Sven Flo.

Det hindrar ikkje kommunen og ordføraren i å tenkje på moglege kommunar dei kan inngå giftemål med.
– Me har ingen konkrete planar, men det er klart det er mange spanande kommunar rundt oss, seier ordføraren, som først og fremst vil ta livet av fylkeskommunen som institusjon.

– Eg meiner bestemt at fylkeskommunen har utspelt si rolle, han er berre eit ledd mellom staten og kommunen, eit ledd som ikkje lenger fungerer.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...