Heim Nyhende Ideologisk musikant

Ideologisk musikant

Sveinung Rotevatn har sterk tru på enkeltmennesket sin rett til fridom. Også når det gjeld språk.

Det er valkamp. Sveinung Rotevatn skriv på bloggen sin at han har køyrt 8000 kilometer med bil, floge fram og tilbake mellom Sogn og Fjordane, Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø, delteke i to TV-debattar og fleirfaldige radiodebattar, vore deltakar i eit realityshow, vore med i sju skuledebattar, stått timevis i ferjekø og endå fleire timar på stand over heile Sogn og Fjordane. Målet var å få stortingsplass. Det klarte han.

Også i dag skal han ut på reisefot. På sitt robuste og markante fjordamål slår den unge politikaren fast på telefon at han har dårleg tid, han skal nemleg fly til Sogn og Fjordane, heim. Men ikkje overraskande finn han tid til å snakke om hjartesaka, liberalisme, om valet som gav Venstre vippeposisjon på Stortinget, og om nynorsk og korpsmusikk.

– Nynorsken har alltid vore språket mitt. Bokmål var sidemål og noko du lærte på skulen, seier han bestemt.

Om ikkje språket var det viktigaste argumentet for å velje Venstre som politisk parti, så skader det ikkje at den liberale tankegangen støttar opp om målsaka, meiner Rotevatn. Det var først då han flytta ut for å gjere militærteneste i musikktroppen til Hans Majestet Kongens Garde, at han byrja å tenkje over kva målform han skreiv.

– Då møtte eg mange som dreiv med nynorskhets og som syntest nynorsk var vanskeleg. Då forsto eg kor viktig dette var for meg.

I studietida valde han Universitetet i Bergen og rettsvitskap. Også her møtte han mange som hadde eit anna forhold til språk og nynorsk enn han hadde. Dermed vakna engasjementet for nynorsk som sidemål og som bruksmål i det offentlege. I 2012 vart han styremedlem i Noregs Mållag.

Sidan har språkengasjementet vakse, og rådet til nynorskkommunane er klart og tydeleg:

– Ver medvitne og driv god språkopplæring av tilsette. Det er mykje dårleg språk rundt omkring, og det er sjeldan det skal så mykje til før ein vert meir språkmedviten.

Valet av parti var ikkje sjølvsagt, sjølv om mor også var kommunestyrerepresentant for venstre i heimkommunen Eid.

– Ho la aldri føringar for kva parti eg skulle velje, men eg hugsar ho spurde om eg ville stå på lista då eg var 17 eller 18 år gammal. Det ville eg ikkje. Eg melde meg først inn i Unge Venstre då eg var 20 år, det er ganske seint.

– Men det er klart at det sikkert har litt å seie kva ein pratar om rundt middagsbordet i heimen.

Han starta den politiske karrieren som økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2007, etterpå har han klatra raskt på karrierestigen. Året etter vart han sentralstyremedlem, og i 2009 gjekk han inn som første nestleiar. I tillegg har han vore aktiv i studentpolitikken for Liberal Liste ved Universitetet i Bergen. Han har vore valkampsekretær og hatt styreplass i fylkeslaget. Lista er lang. I 2011 vart han kommunestyrerepresentant i Eid side om side med mor. Sveinung har tidlegare uttalt at familien Rotevatn då hadde like stor partigruppe som Arbeidarpartiet i kommunen. Frå 2010 og fram til i dag var han også leiar i Unge Venstre.

–  Kva er hjartesaka?

– Klima og miljø, seier han kontant.

– Å ta vare på ressursane våre, slik at me kan overføre kloden i god stand til neste generasjon.

Han kan snakke seg varm om liberalisme som ideologi, om retten til fridom og til å ta eigne val. Som leiar i Unge Venstre vekte han oppsikt med meiningar som at ein burde avkriminalisere all narkotika, lovleggjere kjøp av sex, avskaffe monarkiet og opne opp for fri innvandring. Sveinung Rotevatn har stor tru på enkeltindividet, sjølv om all fridomen også kan føre til at mange vel feil.

Det er vidare trua på enkeltmennesket som er mykje av grunnen til at han ikkje likar regjeringa sitt framlegg om å uthole mållova. Regjeringspartia vil endre lov om målbruk i offentleg teneste slik at alle tilsette i staten sjølve skal avgjere om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Det reagerer venstrepolitikaren på.

– Eg meiner jo at staten er til for borgarane og ikkje omvendt. Men dette må dei få støtte til i Stortinget, noko eg ikkje trur dei klarer.

– Kva synest du om språkpolitikken i regjeringsplattforma?

– Det står jo ganske lite. Det er nokre ord om at sidemålsundervisninga skal bli betre, og det er bra.

Sjølv er han tilsynelatande nøgd med at Venstre no sit i ein vippeposisjon i Stortinget i staden for i regjering, sjølv om regjeringsmakta freista ganske sterkt.

– Det er klart me ynskjer å kome i regjering, men ikkje for einkvar pris. Så langt kom me ikkje i forhandlingane, men me har sikra oss ein samarbeidsavtale som eg meiner er god. For oss var det viktig å få gjennomslag på område som klima, forsking og utdanning.

– Mange ungdomsparti følgjer etter moderpartiet i politikken. Er Unge Venstre modigare enn andre ungdomsparti?

– Eg trur me er sprekare og friare enn mange andre ungdomsparti, ja. Det gjev oss ryggrad og mot til å våge å foreslå større endringar.

 

Sjølv drøymer den nye stortingspolitikaren om meir fritid og ein skikkeleg ferie. Kanskje for å dyrke lidenskapen for korpsmusikk?

– Eg har alltid spelt i korps, både i skulekorps, vaksenkorps, studentorkester og i Gardemusikken. Grunnen til at så mange likar korps så godt, meg sjølv inkludert, er nok kombinasjonen av det musikalske og det sosiale. I eit korps jobbar ein saman for å skape musikk. Det er plass til alle, og dei fleste korps har eit svært godt sosialt miljø rundt både øvingar og reiser. Eg har ikkje noko fast korps eg spelar i no, men det kan vere eg bør finne meg eitt i Oslo.

 

Sjølvmelding

Namn: Sveinung Rotevatn 
Alder : 26
Sivilstatus: Ugift
Les: For tida går det mykje i statsbudsjettet. Elles les eg mykje aviser og faglitteratur, og skjønnlitteratur i feriane.
Høyrer på: Spotify og NRK Alltid Nyheter. 
Inspirert av: Unge Venstre-medlemmar som har vore medlemmar i nokre få veker og likevel går på talarstolen og snakkar om si hjartesak som om dei aldri har gjort anna.
Førebilete: Johan Ludwig Mowinckel

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...