Heim Nyhende Blixprisen til Teresa Grøtan

Blixprisen til Teresa Grøtan

Blixprisen for 2013 går til Teresa Grøtan.

 

–  Årets Blixpris-vinnar er ein kunnskapsrik forfattar, som på ein framifrå måte nyttar journalistisk erfaring og metode i forfattarskapen sin for barn og unge, kombinert med eit godt auge for den unge lesaren og litterær teft. Det er med glede nemnda i år kan gi prisen til ein forfattar med sakprosa i porteføljen, noko statuttane nemner spesielt, skriv juryen.

Grøtan skriv for unge lesarar med eit konkret mål i sikte; å formidle viktig kunnskap i eit godt og stilsikkert språk, og i ei engasjerande form. Grøtan er ikkje redd for å gå inn i kompliserte saksfelt og presentere dette for unge lesarar; Globaliseringsboka frå 2009 er eit slikt døme.

Grøtan meistrar også fagformidling i skjønnlitterær form og for yngre lesarar, noko ho har vist i bøkene om Klara: Klara kan mykje rart om klede, Klara kan mykje rart om mat.

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Prisen er på 15 000.
I nemnda sit:  Ragnfrid Trohaug (Samlaget), Steinar Aas (Universitetet i Nordland), Kine Hellebust (Nordnorsk Forfattarlag)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...