Heim Nyhende Reagerer på kutt i pressestøtta

Reagerer på kutt i pressestøtta

Fleire lokalavis-redaktørar protesterer no på regjeringa sitt framlegg om å kutte i pressestøtta.

Regjeringen vil kutte støtta til 30 lokalaviser. 14 av dei har nyhende på nynorsk, og ti er reine nynorskaviser, skriv Klassekampen.

– Ein av de billigste måtane å sikre at nynorsklesarar får lese nynorsk på, er å sørge for at lokalavisene kan levere gode produkt, seier Rune Sæbønes, redaktør i Møre-Nytt til Klassekampen.

Les også: – Ingen nynorskaviser å miste

Saman med redaktørane i Vikebladet Vestposten, Fjordingen og Fjordenes Tidene, som alle bruker nynorsk, har han utarbeida eit høyringsnotat med kritikk av regjeringa sitt framlegg til Mediebedriftenes Landsforening. Avisene ber organisasjonen om hjelp sidan dei sjølve ikkje har blitt rådført i høyringsrunden.

Regjeringa vil kutte støtta til nummer èin- og åleineaviser som har mellom 4000 og 6000 i opplag. Ei kartlegging utført av Mediebedriftenes Landsforening viser at 17 av 30 aviser som blir ramma av framlegget hadde negativt driftsresultat i fjor, skriv Klassekampen.

Les også : Kultureliten

– For mange av oss er økonomien pressa. Å kome med dette kuttet nå er alvorleg. Det kan gå ut over redaksjonelle årsverk, svekke produktet og ramme formidlinga av nynorsk som fleire av lokalavisene står for, seier Møre-Nytt-redaktøren. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...