Heim Nyhende Kommunane bruker mest på idrett

Kommunane bruker mest på idrett

I Rogaland bruker kommunane størst del av utgiftene sine på kultur.

Ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå viser at kommunane brukte 9,4 milliardar kroner på kultur i 2012. Dette utgjer 3,8 prosent av dei totale netto driftsutgiftene.

Sjølv om det har vore ein auke i utgiftene til kultur på 4 prosent frå 2011, har delen av dei totale utgiftene som går til kultur gått ned frå 3,9 prosent i 2011 til 3,8 prosent i 2012.
Endringa frå 2011 til 2012 har ikkje ei openbar årsak. Alle kulturområda, bortsett frå kino, har auke i netto driftsutgifter.

Netto driftsutgifter til kunstformidling utgjer 5 prosent av utgiftene til kultur. Dette kulturområdet hadde høgast prosentvis auke frå året før med 14 prosent, eller 65 millionar kroner. Høgast del av kulturutgiftene i kommunane var som i åra før til idrett.

Kommunane brukte totalt 2,9 milliardar kroner til idrett i 2012, ein auke på 200 millionar kroner det siste året. Av netto driftsutgifter til kultur gjekk 31 prosent til idrett.
1,4 milliardar kulturkroner gjekk til folkebibliotek, ein auke på 73 millionar, eller 6 prosent samanlikna med året før.

Kommunane i Rogaland hadde til saman høgast vekst i netto driftsutgifter til kultur med 101 millionar kroner eller 11 prosent. Oslo og kommunane i Troms hadde nedgang i kulturutgiftene med respektive 6 og 3 prosent.

Oslo brukte mest pengar på kultur i 2012, 1,3 milliardar, medan Rogaland brukte mest pengar på kultur målt i prosent av totale netto driftsutgifter, 4,7 prosent. I gjennomsnitt brukte kommunane 1860 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2012, 72 kroner meir enn året før. For sjette året på rad er det kommunane i Finnmark som bruker mest til kultur per innbyggjar med 2838 kroner, ein auke på 54 kroner samanlikna med året før.

Kommunane i Østfold bruker minst med 1409 kroner per innbyggjar, ein auke på 65 kroner, eller 3,1 prosent, samanlikna med året før.

Les meir kulturstatistikk hjå Statistisk Sentralbyrå!

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...