Heim Nyhende – Ærlegare med tvangssamanslåing

– Ærlegare med tvangssamanslåing

Om ein vel å ta vekk tilskot for å tvinge fram ei samanslåing, er det ærlegare å berre bestemme at kommunane skal verte slått saman, meiner ordføraren i Fedje.

 

 

I mai skal den nye kommunereforma vere klar. Samstundes er det mange oppheta debattar om kommunestruktur og samanslåing rundt om i Noregs land. Ein av dei går føre seg i Nordhordland.

Råkar dei små
For kommunar med mindre enn 3000 innbyggjarar kan ei samanslåing bety fem millionar mindre årleg i kommunekassa. Eit kutt av det såkalla småkommunetilskotet.

– Staten kan nytte pisk ved å syte for at kommunane mistar særskilde tilskot som småkommunetilskotet dersom dei ikkje slår seg saman, sa Kjetil Lie, kommuneforskar i Telemarksforsking, til NRK Dagsnytt måndag.

Telemarksforsking har fått i oppdrag av Regionrådet Nordhordland å greie ut om konsekvensane av kommunesamanslåing i regionen. Lie dreg fram Fedje og Masfjorden som døme på småkommunar som vil tape fem millionar årleg om småkommunetilskotet fell bort.

Men det er ikkje første gong nokon går inn for å kutte småkommunetilskotet. Framstegspartiet foreslo å kutte tilsaman ein milliard til dei 164 minste kommunar i fjor.

Viktig tilskot
Fleire av kommunane i Nordhordland har god og stabil økonomi, mellom anna på grunn av kraft og småkommunetilskotet.

– Det betyr mykje for Fedje kommune å få desse fem millionane, bekreftar Kristin Handeland (Ap), som er ordførar for 600 innbyggjarar på Fedje.

Kor viktig argument dette tilskotet er mot samanslåing kan ho ikkje gjere greie for. Det er ein samansett debatt med mange faktorar. Til våren skal kommunane avgjere om dei vil vere med på vegen vidare mot ein storkommune eller fleire små.

– Fedje ligg i utkanten, noko dei òg vil gjera i ein storkommune. Det gjer at eg mellom anna er uroa for tenestetilboda til våre innbyggjarar.

LES OGSÅ: Ørsta etterlyser gulrot for samanslåing

Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H) etterlyser meir gulrot for samanslåing. Foto: Masfjorden kommune Den etterlyste gulrota
Ho trur at å presse frå ei samanslåing ved å ta vekk tilskot er ei dårleg løysing og får støtte frå Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H). Han fortel at Masfjorden vil merke godt eit kutt på fem millionar over natta, særleg no når kraftinntektene har vore mindre enn tidlegare.

– Det kan ikkje vere slik at dette berre er ein måte for staten å spare pengar på og at dei berre går etter dei små. Det må vere ein gevinst i andre enden for innbyggjarane, seier Totland, og legg til:

– Eg er open for å gå vidare med utgreiingane om samanslåing, men slik det er no vil alle kommunane tape pengar på det etter at 20 år er gått og dei auka rammetilskota tek slutt. Det må vere ei gulrot i andre enden.

Også ordførarkollega Handeland meiner det er på tide å diskutera storkommunetilskotet.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...