Heim Nyhende Regjeringa og KS er samde om flyktningar

Regjeringa og KS er samde om flyktningar

Regjeringa og KS har underteikna ein samarbeidsavtale som skal få kommunane til å ta imot flyktningar som har rett til ein stad å bu frivillig. Tusenvis står framleis utan butilbod.

 

Avtalen er ei vidareføring av ein avtale frå i fjor og varer ut 2015. Den einaste forskjellen er kor mange flyktningar det er snakk om.

– Tala har jo auka vesentleg, det er den store utfordringa, seier Nina Gran, spesialrådgjevar for innvandring i KS.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) ber kommunane busetja 10.000 i år og like mange neste år. Men så langt har kommunane berre vedteke å gje nye heimar til rundt 7.700 i år. (©NPK)
 
Fakta om busetjing av flyktningar
* Kommunane i Noreg får sjølv bestemme kor mange flyktningar dei vil ta imot. Det er likevel langt fleire flyktningar som har rett til ein stad å bu enn det kor mange kommunane har sagt seg villig til å ta i mot.
* KS og staten har sidan 2004 samarbeidd om busetjing av flyktningar. Ein samarbeidsavtale som KS og regjeringa underteikna i fjor blei fornya tysdag og varer no ut 2015.
* Ifølgje avtalen skal flyktningar busetjast så raskt som mogleg innan seks månader etter vedtak om opphald. Einslege mindreårige flyktningar og familiar med barn skal få ein stad å bu innan tre månader etter vedtak om opphald.
* Kommunane skal få ei «rimeleg dekning» av meirutgiftene dei har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei neste fire åra.
* Avtalen gjeld både kvoteflyktningar som kjem til Noreg gjennom FN og folk med godkjent asylsøknad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...