Heim Nyhende Kulturministeren til Førde for å lære språkpolitikk

Kulturministeren til Førde for å lære språkpolitikk

Tysdag kjem kulturminister Thorhild Widvey (H) til Sogn og Fjordane for å lære meir om nynorskfylket i vest.

 

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) inviterte rett over nyttår den nye kulturministeren til Sogn og Fjordane og Førde, slik at rogalendingen kunne bli betre kjent med fjordfylket og korleis dei arbeider med språkpolitikken der. Og no kjem altså statsråden til Sunnfjord Hotel i Førde.

Saman med nynorskorganisasjonane i fylket har fylkeskommunen laga eit rikhaldig program med føredrag, kunstnariske innslag og debatt om utfordringane i den nynorske språkkvardagen. Blant innleiarane er Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, språkforskar Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Jan Olav Fretland, nestleiar i hovudutvalet for kultur i fylkeskommunen.

Om kvelden skal dessutan statssekretær Knut Olav Åmås (H) vere med på debatt om kulturpolitikken i kulturforumet Kultureliten på Pikantloftet i Førde. Dit kjem òg festivaldirektør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, kulturskribent Katrine Sele og kulturforskar Georg Arnestad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...