Heim Nyhende Først ut med fylkeskommunal honning

Først ut med fylkeskommunal honning

150.000 bier produserer honning på taket av fylkeshuset i Hordaland.

 

– Det er svært kjekt at Hordaland fylkeskommune kan bidra til kortreist honning. Men det er og ein undertone av alvor. Vi er svært avhengige av bier til matproduksjon, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes til Hordaland.no etter at den aller første fylkeskommunale honningen er servert.

Honningen er produsert midt i Bergen sentrum, på taket av fylkeshuset. Om lag 150.000 bier svermar rundt, med bustad i tre bikubar, og ein rekkevidde på tre kilometer i luftlinje. Fredag 25. april vart bikubane plassert ut, og tysdag 17. juni var den første honningen klar. Dette er eit prosjekt for å sjå korleis bier kan leve og produsere honning i ein by.

Løfte fram honningproduksjon
– Det kan verke som ein liten raritet, men vi treng ta vare på biene. Dette er eit symbol på korleis vi kan løfte fram honningproduksjon. Det er ikkje ein sjølvfølgje at alle frukthagar har bier, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.


– Ah, det var godt, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og prosjektleiar Karen Louise Nybø og smakar på honningen rett frå bikubane.

På glas og gjeve vekk
I løpet av to korte månader har dei fylkeskommunale biene alt produsert mange kilo honning.
– Vi er spente på kor mykje honning vi kan hauste. Honningen skal vi tappe på glas og bruke som gåveartiklar, vår eigen fylkeskommunale honning, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes som har lært mykje om bier og honningproduksjon.

Bynært landbruk
Karen Louise Nybø ved regionalavdelinga til fylkeskommunen er leiar av biprosjektet og har engasjert birøktar Bjarte Tennfjord. Klima- og naturressurssjef  Gudrun Mathisen synest prosjektet er svært spennande og interessant.
– Vi ønskjer å skape merksemd om bier. Byen er og eit økosystem. Her får vi bynært landbruk og kortreist snop, seier Gudrun Mathisen.


Birøktar Bjarte Tennfjord gjeter dei tre bikubane på taket av fylkeshuset.

Til analyse
Birøkter Bjarte Tennfjord sette ut biene i april og følgjer utviklinga tett. Utover sommaren kjem han til å hauste honning etter kvart som den fyller seg opp. Den første honningen skal han sende til analyse for å sjå kva den inneheld. Bikubane er plassert slik at dei har kort veg til dei store kastanjetrea i Lars Hillesgate. Men med ein radius på tre kilometer flyg biene både til Nygårdsparken, Nygård og Store Lungegårdsvann.

Les meir på Hordaland.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...