Heim Nyhende Titusenvis av lærarar varslar opprør

Titusenvis av lærarar varslar opprør

Dei første lærarane streikar i ferien, men det blir varsla ei kraftig opptrapping frå skulestart. Heile 73 prosent av lærarane i KS-området stemte nei til tariffavtalen.

 

Utdanningsforbundets 93.000 medlemmer i KS-området kunne i uravstemminga stemme over forhandlingsresultatet frå i vår, som inneber ein omstridd arbeidstidsavtale.

– Resultatet kan sjåast som eit læraropprør mot alt det dei blir utsett for, meiner leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

Kommunanes arbeidsgjevarorganisasjon KS er skuffa.

– Det er skuffande at lærarane har sagt nei til eit forslag som både Utdanningsforbundet og KS har tilrådd. Dermed seier dei nei til ein avtale som legg til rette for å utvikle ein kollektiv samarbeidskultur i skolen, noko begge partar meiner er nødvendig, seier forhandlingsleiar Per Kristian Sundnes i KS.

Allereie frå 1. juli går 36 lærarar ut i streik på Rothaugen skole i Bergen, og det kan bli ei kraftig opptrapping frå skulestart, opplyser Lied.

– Vi køyrer ein liten streik gjennom sommaren, og så trappar vi kraftig opp frå skulestart, seier Lied.

Røe Isaksen på sidelinja

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) medgir at streikefaren er stor, men han vil verken spekulere om konsekvensane av ein storstreik eller eventuelle inngrep frå regjeringshald.

– Eg ser sjølvsagt at forhandlingsresultatet har skapt mykje uro rundt om i skulane, men vår jobb er å respektere dei grunnleggjande spelereglane i norsk arbeidsliv, seier Røe Isaksen til NTB.

No er det opp til lærarorganisasjonane og KS å finne ei løysing, påpeiker statsråden, som oppfordrar partane til å setje seg ved forhandlingsbordet.

Skuleferie

Utdanningsforbundets rundt 93.000 medlemmer i det såkalla KS-tariffområdet sluttar seg til tre andre lærarorganisasjonar som har bestemt seg for å streike i protest mot meklingsresultatet.

Inntil vidare kjem nok folk flest – og ikkje minst elevane – til å merke særdeles lite til streiken. Det kan raskt endre seg dersom det ikkje blir semje om læraroppgjeret innan skulestart i august.

– Det er ikkje tvil om at vi er i stand til å streike breitt, og vi er i stand til å streike lenge, åtvarar leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

7,5 timar dagleg

KS påpeiker på si side at både kommunane og fylkeskommunane, i tillegg til 37 av dei 50 arbeidstakarorganisasjonane KS forhandlar med, har sagt ja til meklarens forslag til løysing.

Medlemmene i Utdanningsforbundet stemte over heile lønnsoppgjeret, ikkje berre arbeidstidsavtalen. Den omstridde arbeidstidsavtalen inneber at lærarane blir pålagt å vere på skulen 7,5 timar kvar dag i arbeidsveka, og at rektorane får større styring med arbeidstida til lærarane. I tillegg omfattar meklingsresultatet «ordinære» postar, som eit lønnstillegg på dryge 3,3 prosent.

– Sjølv om lærarane skulle ta stilling til heile tariffavtalen, herskar det ingen tvil om at det først og fremst er forslaget til ny arbeidstidsavtale som dannar grunnlaget for streiken, seier leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

Fleire streikar allereie

LO-forbundet Skolenes landsforbund har allereie sagt nei til skissa og tok 10. juni ut fem medlemmer i streik på Karmøy. Forbundet er fornøgd med å få selskap frå Utdanningsforbundet.

– Dette gjer oss sterkare i kampen mot KS og forsøket deira på å detaljregulere lærarane, seier forbundsleiar Anne Finborud.

Musikernes Fellesorganisasjon avviste også meklingsresultatet i slutten av mai, og seks medlemmer har vore i streik sidan 11. juni. Tysdag kveld kom beskjeden frå Norsk Lektorlag om at også dei seier nei til avtalen, og lektorar frå fleire skular kjem til å bli tekne ut i streik etter sommarferien. Lektorlaget omtalar uravstemminga i Utdanningsforbundet som eit sviande nederlag for KS.

– Når vi får felles front, er det større moglegheit for å tvinge fram ei endring i arbeidstidsavtalen, seier leiar i forbundet, Gro Elisabeth Paulsen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...