Heim Nyhende Uroa over kapitalmangel i distriktsbedrifter

Uroa over kapitalmangel i distriktsbedrifter

Bedriftsforbundet er uroa over mangelen på tilgang på kapital for små bedrifter i distrikta.

 

Dei regionale utviklingsmidlane til fylka blei kutta med 358 millionar kroner frå 2013 til i år. Administrerande direktør i Bedriftsforbundet, Lars Erik Sletner, meiner det er viktig at regjeringa styrkjer dei generelle rammevilkåra for næringslivet i fylka som er hardast ramma. Mellom ønskjer han ei styrking av Såkornfond og Skattefunnordninga i statsbudsjettet til hausten, skriv Nationen.

– Det er mange på investeringsvilje i privatmarknaden i distrikta. Difor er det svært viktig med gode, offentlege støtteordningar. Kutt i dei regionale utviklingsmidlane kan få konsekvensar, avhengig av kva fylke vi snakkar om, seier Sletner til Nationen.

Finanspolitisk talsmann og nestleiar i Venstre, Terje Breivik, deler uroa til forbundet over at gründerar og bedrifter ikkje kjem seg vidare grunna manglande risikokapital. Breivik tek mellom anna til orde for ei styrking av etablerarstipendet til Innovasjon Noreg og varslar at det vil kome ei ny og meir effektiv såkornsordning. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...