Heim Nyhende Bjella og Grytten til Ulvik poesifestival

Bjella og Grytten til Ulvik poesifestival

Ulvik poesifestival går av stabelen 5.– 7. september. På programmet står allereie fleire kjende namn.

 

Både Brageprisvinnaren Ruth Lillegraven, Stein Torleif Bjella, Frode Grytten og Øyvind Rimbereid kjem til Ulvik poesifestival inst inn i Hardangerfjorden i september.

I år er temaet for festivalen «Grøn poesi», og frå no av er det Nynorsk kultursentrum som står som arrangør. Festivalen tek til dagen etter den offisielle opninga av Olav H. Hauge-senteret.

– Samtidspoetane er på veg mot eit sjølvkritisk oppgjer med litteraturens plassering av mennesket i naturen. Med temaet «Grøn poesi» vil Ulvik poesifestival visa ei dikting som vågar å engasjera og utfordra, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide. Billettsalet til utvalde arrangementet tek til 24. juni, og heile festivalprogrammet vert etter planen offentleggjort 2. juli.

Ulvik poesifestival

• Arrangert i Ulvik annakvart år sidan 2000

• Frå og med 2014 driv Nynorsk kultursentrum festivalen i regi av Olav H. Hauge-senteret

• «Grøn poesi» er temaet i år

• Festivalpass kroner 1300 gjeld for alle arrangement

• Billettsal frå og med tysdag 24. juni på www.poesifestivalen.no og ebillett.no

• Komplett program med over 20 arrangement vert offentleggjort onsdag 2. juli (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...