Heim Nyhende To av tre blå kommunar har eigedomsskatt

To av tre blå kommunar har eigedomsskatt

Trass i stor ideologisk motstand, har to av tre blå kommunar eigedomsskatt. Borgarlege ordførarar seier dei er avhengige av eigedomsskatten for å få hjula til å gå rundt.

 

– Utan eigedomsskatten hadde vi ikkje klart å levere tenester på eit lovleg nivå, seier Høgre-ordførar Anne-Mette Øvrum i Sør-Odal kommune til Klassekampen.

Kommunen er éin av 78 Høgre-styrte kommunar i Noreg som har eigedomsskatt. Ei oversikt Klassekampen har laga, viser at 66 prosent av dei Høgre- og Frp-styrte kommunane i landet vel å skattleggje eigedom, trass i at kommunane sjølve får bestemme om dei ønskjer å gjere det.

Tal frå Statistisk sentralbyrå, som vart lagt fram tysdag denne veka, viser at stadig fleire kommunar vel å ha eigedomsskatt. I år har 341 av dei 428 kommunane i landet denne inntekta. For Sør-Odal utgjer den 22 millionar kroner årleg.

Kristiansand har lenge vore den av dei største byane i landet som hentar inn mest i eigedomsskatt. Trass i valløftet i 2011 om å fjerne skatten heilt, kan ikkje ordførar Arvid Grundekjøn seie når det vil skje.

– Det er umogleg å seie når vi kan fjerne skatten heilt. Vi finn ingen alternative kjelder til inntekter på kort sikt. Utan eigedomsskatt måtte vi i dagens situasjon ha gjennomført brutale endringar i budsjettet eller akseptert høgare gjeldsbyrde for kommunen, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...