Heim Nyhende Vil gi heider og merksemd via #nynorskverksemd

Vil gi heider og merksemd via #nynorskverksemd

Har du gledd deg over ei verksemd som sel «heimelaga pølser» eller ber deg ringe «på førehand»? Gjennom sommarkampanjen til Noregs Mållag kan du no få sjansen til å heidre verksemda.

 

Ved å ta bilete av nynorskbruk til dømes på skilt, i ein butikk, i eit reklameblad eller i avislysingar og gi det emneknaggen #nynorskverksemd på Twitter, Facebook og Instagram, er folk med i kampanjen.

– Det er ein fin ting å gjere og enkelt målarbeid. Vi har lyst til å heidre desse verksemdene, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Fleire har bytt

Aakre Tennø viser til at mange norske verksemder nyttar nynorsk, og at det dei siste åra har vorte fleire og fleire av dei som har bytt vekk bokmålet til fordel for nynorsk. Ho meiner desse verksemdene er viktige.

– Det er viktig for nynorskbrukarar å sjå språket vårt, og det er viktig for unge og ungdom å sjå at det kan stå «heimelaga», og ikkje «hjemmelaget». Dei må sjå desse nynorskorda for å vite kva det heiter. Utan å tenkje over det drive desse bedriftene viktig målarbeid, seier ho.

Og kanskje lèt også fleire verksemder seg inspirere til å ta nynorsken i bruk.

– Det håpar vi sjølvsagt. Sjølv om ein sel pølser i Oslo kan ein kalle dei «heimelaga» pølser, seier Aakre Tennø.

Har starta kampanjen

Mållagsleiaren har sjølv sett i gang kampanjen på sin eigen Instagram-konto.

Den heimelaga isen frå Alm Gard i Feios i Sogn, Frislid Konfeksjonsfabrikk i Eid kommune og Skei Servicesenter i Jølster kommune har alle fått heider av mållagsleiaren for å bruke nynorsk.

I tillegg til heider og ære på sosiale medium kan verksemdene vente seg eit nynorsk-verksemd klistremerke og takkebrev i posten frå Noregs Mållag. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...