Heim Nyhende – Sogn og Fjordane kan få 200 nye vasskraftverk

– Sogn og Fjordane kan få 200 nye vasskraftverk

Dei neste åra kan det bli bygd ut opp mot 200 nye små vasskraftverk i fylket, ifølgje professor.

 

Årsaka er den store kraftutbygginga Noreg har forplikta seg til overfor EU til å auke energiproduksjonen med om lag 15 prosent innan år 2020, fortel NRK.no. Om fem år er nemleg målet at 20 prosent av energiforsyninga til unionen skal kome frå fornybar energi.

For å greie dette må Noreg byggje fleire kraftverk. Og ingen får fleire enn Sogn og Fjordane, der ein femtedel av alle nye vasskraftverk kjem til å bli bygd, ifølgje NRK.no.

– Det som er litt spesielt no er at veldig mange av anlegga er små, det er småkraftverk. Vi kan nærme oss eit par hundre småkraftverk i Sogn og Fjordane, seier professor Erling Holden. Han leier eit forskingsprosjekt om fornybar energi og samfunnsverknader som startar opp ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til hausten.

Professoren seier til NRK.no at han trur det kan kome reaksjonar når folk skjønar kor omfattande og intensiv kraftutbygginga kan kome til å bli dei komande åra. – Om vi vil det, om folk vil det, står att å sjå, seier Holden til NRK.no. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...